onsdag 11. februar 2009

Snø og vinter!!

...Og idag har det snøa endå meir!!
Så idag har det vore snømåking.. Snømåkinga vår igår vart noko redusert, då Bent måtte på legevakta med Mor Astrid (God betring, Farmor! Dette går bra :-) Så idag hadde vi litt å ta fatt i, for å seie det slik.. Og så skulle vi ha arbeidsfolk i kjellaren, og eg skulle på fysioen til kl 10.. Klarer ein å få 3 stk ut gjennom dørene til rett tid, få Lone til å sove litt, måka slik at arbeidskarane fann kjellardøra, og rekke fysioen..? Jepp!! Det heiter teamwork ;-) Av og til kan saker og ting faktisk klaffe..

Det er sjeldan det kjem så mykje snø her ute i havgapet som det har gjort desse dagane.. Og eg synest det er heilt greitt! Berre så synd at erfaringar tilseier at det regnar snart vekk :-( Enn så lenge nyt eg dette veret (...kan styre meg for at det kjem så mykje på ein gong, då..)

Lone sat tolmodig i vogna medan mor handterte snøbrettet :-)
(Veit ikkje heilt om "gangesperra" imorgon blir av treninga eller snømåkinga.. Sveitt vart eg begge gongane, i alle fall..)

Godt og varmt var det i vogna også. Sikkert greitt å sitje der og kike på verda...


Skal tru kva dette er..? Rare greier...



6 kommentarer:

Siv sa...

Kva slags trening går du på, Trine? Ej prøva mej på aerobic når det passa, men ej synest det e litt kjedlig... Ligg ikkje for mej slik trening...

Anonym sa...

Godt å se at det er flere enn meg som liker denne snøen! Skal si du er effektiv! Jeg har måkt litt for hand og mye med traktoren og i går kveld kom Trond og måket litt med traktoren også. jeg er jo ikke akkurat noen dreven traktor-kjører!

Anonym sa...

Kjekt me snøv ja... Men den forsvinn vel snart likevel... Her i byn mæ he d snøva masse, men her brøyte dei ikkje so gøtt veian, so d tek si ti å komme sej fram.
Lone tuppa mi ser no ut t å kose sej oppi vogna da :o) D e bra :o)
Håpe d jeng bra me ho Astrid.
Klem :o)

Alice sa...

God bedring til Astid. Traff henne på legekontoret en dag. Vi slo av en liten prat. Ho e berre so lik bestemor! Lone trivst i snøen ho og ser eg! Skal tru kva dei tenkjer om denne snøen som kjem dalande ned..

Randi sa...

Heia tante T....

HmHm....snøva det på Haramsøya :o):o)Nei men sjå ho lille tuppelurå i vogna da...raude bollekinn ho:-))Håpe ho ikkje fraus:o)Det var no kjedla dette med Astrid da,håpe ho kjem seg fort til igjen!Hels ho!
PUH!!! Jau takk,det snøva her og du :o)
Å ej kunne godt ha klart meg uten eg da..;)Men jøye,det er ikkje med måt når det først skulle snøve da,NOK NO!Ottar og Emil he ej nesten ikkje sett på 3 daga,dei kjøyrer å div dei,brøyter rundt alle hus..:-)Ja.Ja...bra nokken he det kjekt;))
No reiser snart ejå Ottar på hotel :-)))))gleda mej;)
Da må dokke ha ei snørik og kosla helg!!PS! He du kjøpt deg ski no,venta å få sjå dej på bilde snart,i sånn Bente Skari stil;))
God God helga klem frå oss!!

Elisabeth F sa...

Heia Trine. Må betrre få seie at ej følg med i bloggen din! :-) Fine ungane dine altså!!!
Har forresten ei utfordring til deg i bloggen min.