fredag 27. februar 2009

Søndagsturen....

Som sagt, litt lite bloggtid for tida... Det blir vel litt i rykk og napp framover.
Men må legge inn nokre bilete frå turen Bent og jentene (dei to største..) hadde på søndag. Mor hadde sofaen full av kle, og hadde behov for litt husmor-tid heilt åleine. Så når Lone søv ute, vart dei andre beordra ut for lufting, dei også.
Her er resultatet:

Turen gjekk til skogen rett ovanfor huset vårt. Ved fjellfoten der er det mykje rart å sjå. Kanskje best vintertid, for hjorten likar seg også godt der, og tek med seg flåtten...
Her er Oda ved eit av trea som har fått gjennomgått ved ein av stormane no i vinter. Treet hadde kløyvd seg ved rota og eit stykke oppover!



Her er eit tre som har lagt seg overende... Om ein ser opp mot toppen av treet, ser ein at hjorten har vore på plass og gnaga det godt reint. Frå huset vårt ser vi fleire tre som lyser opp mot den mørke skogen.. Hjorten har nok hatt fleire gode måltid her, ja :-)

Kjekspause høyrer med! Har her funne litt av snøen som ligg att ved fjellfoten.
-og mor fekk unna litt av kleshaugen... Så lenge det varte....

Ingen kommentarer: