tirsdag 3. februar 2009

ABBA-konsert!

Søndag var det tid for ABBA-konsert, der korpset med solistar stod for det musikalske, og elevar frå barneskulen stod i koret ("Barneskulekoret"). Det er 8. året dei har eit slikt samarbeid, og årets konsert trur eg måtte vere av dei beste. Knallbra konsert!

Skal ein synge ABBA må ein vere korrekt kledd.. Etter ein tur på loftet, og etter å ha sendt Anette på bytur etter sølv strømpebukse/thigts, vart Oda ganske fornøgd med antrekket. Det hjalp på at Anette sendte med armeband i same stil :-) Tusen takk, Anette!!!

-Ikkje heilt fornøgd med plassen og "selskapet", Oda...? ;-)

Sidan vi som vanleg ikkje klarer å komme tidsnok til å kapre dei beste plassane (på søndag var 20 min før start, altfor seint..), blir kamera-vinkelen så som så.. Men dette er betre enn utgangspunktet som var heilt bakerst i salen. Fam. Fjørtoft hadde nokre stolar ledige framme ved scena, heldigvis..
Her har vi delar av koret og ryggen til Hallgeir... (Superfotografen Trine.........)
Takk for super konsert! Gler meg allereie til neste år :-)



2 kommentarer:

Randi sa...

Heia på dokke!!


WOW,Mamma Mia seie eg da..:-))Detta såg kjempe bra ut!!
Å det "drit"stilige antrekket da Oda!!Va faktisk lik på Annifrid i ABBA :-)
Ja da ser eg at Anette klarte å kjøpe rette sorten tights da til Oda,bra det,å med armeband da.Dette he ho greie på ;)):o)
Eg kjem neste år å ser/høyre på!!
Klem frå tante & co

Stine sa...

Det var en kjempeflott konsert. Er veldig imponert over kva korpset, solistane og koret får til. Og Oda var kjempestilig! Tusen takk for lånet av gullsko forresten, og litt gull-stoff. Malin var kjempefornøyd med kostymet sitt også til slutt når ho fekk gull-belte på seg.