mandag 9. februar 2009

Mandags blues...

Måndag skulle det eigentleg vere Lone sin dag, med 1 års kontroll på Helsestasjonen (inkludert vaksine, då men..) Andrine skulle berre bli med for å sjekke litt opp kvifor eine foten "peikar" meir ut enn den andre.. Resultatet vart at det var Andrine som fekk mest opp-sjekking!!
Ho var innom både Helsesøster og lege, og til og med fysioterapeut i Brattvågen.. Så dagen idag vart ikkje slik som planlagt.. Så no ventar vi på time på sjukehuset, og krysser fingrane om at alt kan gå seg til utan for mykje "styr"..

Sidan Andrine var tolmodig og grei, og fann seg i det meste, vanka det litt premie på henne før vi reiste heim (Prinsesse-drakt på Nille, veldig greitt med ein slik butikk der ein slepp å bruke halve lønninga på dill-dall...)
Oda hjelper til, sjølv om ho ikkje var heilt fornøgd med at det var Andrine som skulle få "alt" denne dagen..

Glad prinsesse ( eller "pinsesesse" som ho seier sjølv ;-) med ny drakt!
Er no søt då.. !!


Etter middagen kom fam. Milic på besøk. Måtte berre ha med eit av bileta av desse to trultene.. (kunne gjerne ha laga eige innlegg!)
Er dette den nye jente-duoen A&A? Vi ventar spent på fortsettelsen... ;-)
Heldigvis vart det ein god slutt på dagen :-) Takk for besøket!


4 kommentarer:

Stine sa...

Huff da. Ditta vart masse oppstyr for noko dåkke trudde berre var en liten ting. Flink og tålmodig da Andrine - stor jente! Satser på at "det går seg til". Gjer vel stort sett det.

Randi sa...

Heia på dokke!

Nei men kjære deg...håpe at det ikkje er noko alvorlegt med foten til Andrine da!!Ja eg tenkje ho sat stille som ei mus ja:-)Å Lone da,gjekk det bra med ho,sprøyta å sånn!
Å den super søte rocke prinsessa da:-))))haha ho er no berre så knall...å den nye ABBA duo`n ser kjempe bra ut!!Skulle vore filma detta so oss fekk høyre;))
Ja men da må oss få vite kor det går med Andrine!
Ha en fin snøvføykje dag!
Klem!

Anonym sa...

D eine føre t d andre... Håpe d jeng bra me ho Andrine da, å att ho ikkje e so fole plaga me d! :o) Ho fortjente heilt sikkert en premie, å den ser ut t å falle i smak ;o) Bra ho Oda e sopass stor å kan vere superstoresøster å hjelpe ;o)
Men ho Lone tuppå mi da? Jekk d bra me sprøytestikkinga? Ej e klar t å ta imot na om d skulle passe sej sann ;o) Kjempe klar :o)
Ha en super dag der ute :o)
-Anette-

Solveig sa...

Uff da. Fær håpe alt vise sej å ver bra med foten til Andrine. Som Stine sei, so bruka det meste å gå sej te :-)