søndag 15. februar 2009

Helga!

Denne helga har vore innhaldsrik hos familien Otterlei Austnes. Og variert... No er vi klar for ei "roleg" veke, berre med jobb, skule og bhg ;-)

Laurdag var Oda i selskap hos Malin på Leikeland, og Bent hadde jobbe-laurdag. Så då måtte vi andre finne på noko sjølve. Sidan det fortsatt snøa, så sa det seg sjølv kva vi måtte gjere.. Snømåking! Men snøen hadde teke til å bli litt tung og umedgjerleg, så den innsatsen vart kortvarig. Men Andrine gjorde eit godt førsøk på å få vekk litt snø...

Så istaden for å måke snø, fann vi på noko som var litt meir artig: Aketur saman med Dada og Andrea! Vi hamna oppe på gangvegen ved skulen, ikkje lett å finne gode bakkar der snøen er ferdig "preparert" (Av og til er det faktisk for mykje snø til aking..) Og sidan Trine måtte drage vogn gjennom all snøen, var det Dada som for det meste drog jentene.. -Jaja, Dada, det vart no bra trim på deg i alle fall ;-)
Seinare på kvelden "ofra" vi Grand Prix til fordel for konsert med Nordøyane Storband og koret "Frisk Bris". Eit godt bytte, spør du meg! Det var nok fleire som kunne ha gjort det valget...
Oda var eigentleg sliten etter ein dag på farten, men konsert ville ho bli med på! Godt det var bra med trøkk i musikken av og til, elles så hadde ho nok dubba av .. ;-)


Søndag arrangerte HIL skidag, og det måtte vi sjølvsagt ha med oss (sølv om det var berre 2 som stilte med ski..)
Oda og Bent fekk på seg startnummer og la i veg. Oda har ikkje skigåing som sin favoritt-aktivitet, så litt "pushing" måtte til.. (på biletet trur eg jammen dei held på å bli forbigått!!)

Sjølv om ikkje heile løypa vart gått, vanka det heldigvis diplom ettepå... Andrine og mamma var litt i akebakken, men litt ujamne og humpete forhold gjorde at Andrine ikkje synest det var så stor-svært..

Men det som er det viktigaste å blogge om, er at Trine har gått på ski i helga!!! Om ein ikkje skal rekne med dei metrane som vart gått den vinteren eg gjekk gravid med Lone (- på Bent sine ski, og med altfor store sko..), så er det over 15 år sian sist eg har hatt ski på beina :0) Men Dada lånte velvilleg vekk skia sine, så eg fekk gått ei lita runde.. Og eg trur eg kan seie eg fortsatt har æra i behald. Ingen fall, men Oda synest eg var litt "pinglete" ned bakken ;-) Så får vi sjå om det blir nye ski på Trine til neste snøfall..
Og etter eit par timar på ski, var det heim att for å få Oda reiseklar. Ho var nemleg invitert av ei av venninnene sine, Margrethe, til å bli med på kino. Dei skulle sjå "Bolt", og hadde ein flott tur til byen. Men det vart nok ein sein kveld ( i tillegg til at hurtigbåten var godt forseinka..), så til veka får vi prøve å kvile oss ut ;-)




3 kommentarer:

Solveig sa...

Det va ei innhaldsrik helg! Men ser ut so dåkke kosa dåkke, både på akebrett og på ski! Lenge sia ej he hatt ski på beina med. Kanskje det bli te neste år ;) Gle mej te familieturane på langrenn der oss gjeng 100 meter før oss sett oss ned og et appelsine og drikk kakao!

Randi sa...

Heia på dokke!

HOI....det var no litt av ei sportshelg og eit maraton løp dokke he hatt! Å jammen var no Oda flink å gå på ski da,flott!So ho fortjente minst en diplom ja!!
Ja.Ja....no ser det ut som om det er gjort for denne gangen med skiturer,men det kan komme meir om litt!
Håpe dokke er frisk og opplagt etter helga no da!
God klem frå oss!

Anonym sa...

So kjekt å sjå att dokke he gått på ski når snøven endela e her... Ej hekje ski, so ej ser på alle andre :o) Fær heller ta mej en tur t Bjorli når d li på...

Andrine såg ut t å ha drage på skuffla da, detta kunne ho :o)
Å Lone ser ut t å kose sej å ha d gøtt å varmt i vogna:o)

Håpe alt stend bra tej me alle der i heimen :o)

Klem
-Anette- :o)