lørdag 21. februar 2009

Veka som gjekk...

Det blir litt lite blogg-tid for tida, det merkast at mor er i arbeid att, og at veka elles har vore fullpakka.. Men her er noko av det vi fyllt veka vår med :-)

Måndag hadde vi dessert (is) etter middagen.. Kvar vart det av nyttårsfortsetta!?!
Dårleg/god start på veka, alt etter korleis ein ser det ;-)


Tirsdag er turdag for Andrine i bhg, og då er det av og til ho hoppar over "luren" sin på dagtid. Så etter ein lang dag med mykje frisk luft, somna ho i bilen på veg heim frå bhg. Og ikkje nok med det, når Andrine skulle skulle sjå barne-tv med smukken i munnen, vart det litt for tungt å halde seg vaken...


Onsdag etter middag gjekk Oda og Bent ut for å prøve skia på siste rest av snøen.. Det var nok fortsatt ein 20-30 cm med snø på marka, sjølv om det var vått. Så litt skigåing vart det før frustrasjonen tok overhand...

Innandørs hadde mor og dei andre jentene ein liten "slosskamp"... Vi kan vel seie at det vart 1-0 til jentene ;-)
Det må også nemnast at Trine hadde ein lokal "spa-dag" på onsdag. Først trilla vi innover til fysioen, fekk trena godt, før vi trilla heim att. Etterpå hadde vi ein time hos Beate på fotklinikken, noko som kan anbefalast på det sterkaste! Til slutt stod det ein time med solarium på ynskjelista, men det vart det dessverre ikkje tid til.. Men det tek vi att :-)
Torsdag var det "ball-dag" på Bistroen (-det blir slik når det er far i huset som skal bestemme middagen;-). Når vi kom heim, fekk Andrine eit matt drag over augene - feber! Så det vart mor og Oda som fekk dra på HUSK Grand Prix på skulen den kvelden.
Så fredag vart det ikkje bhg på Andrine, men ein heime-og-kose-dag. Og då er det rundstykker til lunsj - nammis!




3 kommentarer:

Stine sa...

Flink å oppdatere du Trine. Greit med ei lita oppsummering av veka. Tida flyg ivertfall. Berre 7 veker til eg også skal i arbeid igjen - heldigvis berre 60% fram til sommeren. Ivar skal kose seg heime med Celine. Håper Andrine har friskna til igjen. God helg!

Solveig sa...

Dåkke fær no gjort masse i løpet ta ei veke :-)Her i huset so he kasper fått litt feber no. Håpe det gjeng sej te fort! Ha ei fin og frisk helg!

Anonym sa...

Sjå der ja... Trudde du hadde glømt kaleis d va du blogga igjen ej no ;o) Kjekt å sjå att du kom tilbake! :o)

Sjøl om dagan jeng fort å he før få tima, ser ej att dokke klare å nyte dagen likevel :o) So kjekt å sjå bilde frå dokke der heime... Ekje mykkje rulling på gølve å skigåing her i byn kan en sei... Håpe dokke he d bra der heime! Stor klem :o)