torsdag 27. august 2009

Sidan sist...

Blogginga no om dagane blir i rykk og napp..
Det merkast godt at ferien er over, og at mor er ute i jobb igjen.. Men litt skjer no i Familien Otterlei Austnes mellom jobb/skule/bhg og leggetid ;-)

Denne veka har symaskina stått framme. Dessverre ikkje for å sleppe laus dei kunstneriske (!!) evnene, men for å reparere kle.. Interessant kan det vere likevel ;-)



Søndagskvelden var Bent ut mot fyret for å prøve fiskelukka.
Heldigvis hadde han med seg fotoapparatet, for det var nokre flotte skyer ute i havet!

Torsdag i forrige veke hadde vi ein utruleg fin ettermiddag. Gradestokken viste over 27 C klokka 1900. Indian Summer!






Ingen kommentarer: