søndag 30. august 2009

Gratulerer med dagen!

Idag, 30. august, er det tre år sidan Andrine kom til verda :-)

Eigentleg skulle ho vel heite Tora, for den natta veane starta, var det eit retteleg uver, med lyn og torden. Regnet kom i bøtter og spann, og for oss som hadde gløymt å late att vindauga på bilen dagen før (då hadde det vore strålande sommarver...), vart det ein våt biltur inn til sjukehuset. Men som Bent sa, då gjorde det ingenting om vatnet skulle gå (!)


Andrine er krølltoppen og tøysejenta i familien Otterlei Austnes. Men også ei bestemt jente med "dramatiske" fakter. Trur ho har ei lita framtid i Barnegruppa på Rogne.. ;-)
Vi gratulerer med dagen og håper det vil smake med sjokoladekake!

8 kommentarer:

Susann sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Susann sa...

Gratulere so masse med dagen Andrine. Mathea helser og :)

Randi sa...

Heia Andrine vennen vår!!

Tjo og hei titten tei...:o)
Gratulerer så mykje med dagen tøysejenta Andrine;) Hjelp 3 år no du da.....!!Var fin krona du hadde på deg,rett ei prinsesse du!
Oss skulle ha vore med deg idag Andrine,men oss skal/må på Harøya oss så det passa ikkje å komme idag...!

Ha ein super duper fin dag Andrine..:-)))Et et kakestykkje for meg og du,men berre 1 ;))

Hels alle andre og!
Mange gebursdagsklemma frå oss på Fjørtofta!

Hege sa...

Gratulerer så masse til Andrine!! Tida går fort hos dere også ser jeg...

Solveig sa...

Gratulere so masse med dagen i går, Andrine! Håpe du hadde ei flott feiring. Thea helse so masse med. Ho syns det e kjempekjekt å leike med dej i barnehagen :-)

Marion sa...

Gratulerer med dagen, Andrine! Du veks og blir stor jente, du!

Stine sa...

Gratulerer med dagen Andrine! Håper du har kosa deg på bursdagen din.

Siv sa...

Gratulerer så masse med overstått, Andrine! Traff dej no i barnehagen på dagen, så ej fekk no gratulert dej på "rett":)