tirsdag 29. september 2009

Gratulerer!

Gjengen på Haramsøya vil gjerne få gratulere Tante Sigrid (i midten!) med dagen idag.
Håper du og Onkel Nils har det fint på "hytta" :-)

søndag 27. september 2009

1 års brullaupsdag!

Idag er det 1 år sidan vi feira brullaup!

Sjølv om det var kun 3 mnd med hekstisk planleggjing, fekk vi til ein minnerik dag saman med familie, slekt og vener. Veret spelte kanskje ikkje på lag denne dagen, men i ettertid spelte det inga rolle likevel. Med hjelp ein dyktig gjeng på kjøkkenet, flink toastmaster, og familie som stilte opp både før og etter festen, gjekk det bra! Vi må også takke forlover Guttorm og Dagny som sa ja til oppgåva som vitner :-)


Å hive seg rundt med giftarmål med 3 små ungar og ein "arbeidssom" mann, var vel eigentleg i tøffaste laget.. Noko brullaupsbileta ber preg av.. ;-)



... Men når alt er over, kan ein seie at det gjekk bra likevel!
Håper vi får tid til å vise fleire bilete i løpet av dagen.

tirsdag 22. september 2009

Smukke-avvenning!

No kan vi offentleg gå ut med at Andrine har "kasta" smukken!
I ei heil veke no har ho lagt seg, og sove, utan den kjære smukken sin.. :-)
Avvenninga har gått over all forventning!
Takk til Tannpleier Trine som gav oss eit ekstra puff til å slutte :-))

Helga

Helgene kjem med stadig kortare mellomrom, og no er jammen enno ei helg over... ;-)

Denne helga vart variert, både når det gjaldt aktivitetar og ver. Jaja, så mange aktivitetar vart det no ikkje, men litt styrar ein no med, med 3 ungar...

Måtte berre ha med dette... For sjølv om vi har tilgang til ferdigreinska krabbebur i fryser'n, synest Bent at det å "rote" litt sjølv, har ein eigen sjarm. Så er vi så heldige at nabo Svetozar har teiner ute, slik at det blir litt på oss også :-)

Helga starta med innedag for mor og Andrine på fredag. I løpet av dagen tok eg sjansen på å friskmelde Andrine, UTAN å ha snakka med lege!! Det er lov å bruke sunn fornuft, er konklusjonen....
Laurdag hadde vi eit flott ver som vi prøvde å nyte ute. På ein trilletur til butikken, fekk vi med oss både ei dansegruppe som hadde oppvisning i anledning Barnestemnet her ute, og Oda med 2 venninner som hadde "butikk" til inntekt for Redd Barna.
Heime vart det årets siste plenslåing, og utplanting av 2 stk busker (-versegod Hjorten, frodig tuja står og ventar...)
Søndagen var det tilbake til grått regnver igjen.. Men ein liten tur til skuleplassen og ballbingen er kjekt med regnkle også :-)

Så er det berre å få unna ei hektisk veke, før det pinadø er helg igjen....


lørdag 19. september 2009

Degradering....

No har mor talt!
Svineinfluensaen er no degradert til ein vanleg hoste-om-natta-til-vi-kastar-opp-forkjølelse...

Så med det er hausten igong, og vi fryktar ein laaaang vinter :-(

Og no...? Ein tur i vaskekjellaren....

torsdag 17. september 2009

...jaudå....

Sidan Andrine har blitt kraftig førkjøla, med same type hoste som Bent, tok vi å ringte lege idag.. Hoste hos Andrine i haust- og vintermånadane er eigentleg ganske vanleg, men sidan situasjonen vart litt annleis no, måtte vi ta telefonsamtalen....
Det gjekk som vi frykta! Ho blir ikkje testa, men er i "karantene" til og med tirsdag!!!!!!! :-(

Så då får vi håpe at det verkeleg er svineinfluensaen, og at vi ikkje brukar ein drøss med sjukedagar på ein vanleg forkjølelse.... (Slik tenkjer ei småbarnsmor, men tydelegvis ikkje helsevesenet..)

....'flensa....

Som nr 10 her ute, har Bent testa positivt på Svineinfluensa...
Truleg eit par veker på etterskudd, så resten av gjengen har nok sluppe med skrekken :-)

Nøffnøff...

"Rassia" på Til Bords...

I dag har det nesten vore julekvelden..!!!

I samband med brullaupet vårt, var vi så heldige å få ein del gåvekort hos Til Bords. Men sidan vi fekk absolutt alt vi hadde sett på ynskjelista der, har det ikkje vore så lett å bestemme seg kva vi skulle bruke beløpa på. No nærma det seg kritisk datoen på dei fleste av korta, så no kunne vi ikkje drøye det lengre...

Difor bar det til byen etter jobb idag.. - her skulle det shoppast!

I butikken hadde eg omtrent arealet for meg sjølv, fekk gå rundt å kike og plukke, og brukte omtrent timen på det.. Den service-innstilte lepsøy-dama bak disken gav tips undervegs, slo saman beløpa, og heldt styr på kor mykje eg hadde brukt :-)) Kjekt!
Og når alt var ferdig innpakka og betalt, tilbaud ho seg å bere deler av pakkenellikane mine til hurtigbåten! Vi skulle no ta same båten heim likevel!!!
Og eigentleg var eg svært glad for denne hjelpa, det vart nokre tunge posar å bakse med på veg heim :-)

Så ved neste ledige høve, skal det vaskast og ryddast i skåpene mine, for no skal det skiftast ut!

Og ikkje minst: TUSEN TAKK for kjempe-sørvisen eg fekk hos Til Bords idag!
Det var kjekt å handle (Samtidig litt skummelt.. Tenk å handle for så mykje, utan at det viste på kontoen..)

søndag 13. september 2009

Stor oppstandelse!!

Her ein kveld kom Bent til at det var på tide med pottetrening.. Skal vi følgje Andrine, må Lone vere dag-tørr innan eit halvt år! Det skal vel eigentleg halde hardt, men..
Litt trening skader i alle fall ikkje, og Lone vart utstyrt med bok og godt selskap :-) Og resultatet lot seg ikkje vente, naturtalent med andre ord!! Og ho har gjenteke "bragda" nokre gonger etter dette også :-)
Så får vi berre sjå om dette vil fortsette, eller om vi har vore litt tidleg ute med eit skryte-innlegg...


(Forstår ikkje dette, uansett korleis eg greip det an, ville ikkje biletet snu seg rett veg..
Har nokon ei forklaring..?)

Våre bursdagsbarn!

I løpet av ei veke har både Oda og Andrine bursdag. Dette fører med seg ei periode med besøk, kaker, pølser og pakker. Hektisk og gøy!!

Vi vil med dette takke alle snille besteforeldre, tanter og onkler, faddrar, venner og venninner, og snille ekstra-tanter (Anette!), for at dei huska på barna våre.
Dokke er utruleg snille, og vi set stor pris på dokke!


Samtidig er vi litt glade for at det er eit år til neste gong... ;-)

lørdag 12. september 2009

Vår lokale dyrepark...

Her ein kveld då jentene skulle legge seg, hadde vi ei lita "naturoppleving".. 7 hjortar spankulerte på marka til naboen, og lot seg ikkje avse av at nokon stod og banka på vindauget..

Eigentleg er dette flotte dyr, men når hagane ikkje får stå i fred, blir det litt irriterandes..

Men no har framande bilar med grønkledde menn bak rattet (les: jegarar), teke til å køyre opp og ned på vegen, så no tenkjer eg hjorten finn det lurast i å vere litt mindre synleg ;-)

torsdag 10. september 2009

Dagens koke ord..

Vil dele nokre kloke ord medan onsdagen går over til torsdag...

Arne Næss var ein klok mann, og på oppslagstavla mi har dette "minne" etter han fått henge ei stund:

"Det er viktigere å kunne endre standpunkt enn på død og liv stå for det man mener."

- Man sier tidvis at det er viktig å ta et standpunkt, viktig å våge og mene noe, viktig å stå for det man har sagt.
Jeg vil heller si at det er minst like viktig å våge og spørre, og våge å lytte til svaret.
Det verste som kan skje, er at man lærer noe nytt...

fredag 4. september 2009

Gratulerer!

Nokre dagar sidan sist gratulasjonshelsing...


Idag ropar vi Hipp Hurra for Oda som fyller 7 år!

Tenk at store-jenta vår har blitt 2.klassing.. Du verda som tida går!

Håper du får ein fin dag med selskap, og ein pakke eller to ;-)


Du er ei kjempe-flott jente, Oda!!!

tirsdag 1. september 2009

Endeleg..... !!

Endeleg...
Etter fleire forsøk har eg idag endeleg fått brukt gåvekortet mitt hos Lindas Velvære Salong!
Og sidan eg fekk dette til brullaupsgåve, så var det vel på tide...
Men altså, idag har eg kosa meg med hudpleie og massasje, i godt over ein time. Og det kan anbefalast :-) Alltid kjekt med litt egenpleie, så dette trur eg blir fleire gongar.
Så idag går det ein stor takk til Dagny, Lena, Andrea og Dada som eg fekk gåvekortet av :-)
Eg klarte det innan tidsfristen!! Juhuu..!!

(Men det vart dessverre ein dyr dag.. Måtte no kjøpe litt av produkta som vart brukt i tillegg til litt shopping.. Huffhuff ;-)

Gratulerer!

Jepp, vi er inne i ein "bursdags-stim"...

Dagens bursdagsbarn er Ove, som eg er så heldig å vere tante og fadder til :-)
Dagen blir feira i Bergen, kanskje med sjølvlaga boller og brus ?


Det vart 3 bilete av deg, Ove. Måtte liksom ha med bilete av deg og ungane også... ;-)

Gjett om Ove er populær hos ungane i Familien Otterlei Austnes...
Håper du har det bra i Bergen, og husk å gjere leksa di! ;-)