søndag 31. januar 2010

15 meter lang ski-karriere..

Med nytt snøfall var det på tide med ski-trening igjen...
Lone er, på lik linje med resten av familien, ingen ivrig skigåar.. Men på laurdag tok ho sjølv initiativet til å ha på seg ski!

Med tunga beint i munnen og oppmuntrande tilrop frå fotografen, la ho i veg med godt mot. Ikkje det store tempoet, men det bar framover :-) Og fort kunne det ikkje gå... Reve-figuren som er avbilda på skia (Den såkalla "Brummen"), kunne ikkje få snø på seg!! Så for kvar meter måtte vi stoppe og koste skia... Håper det ikkje blir ein vane.....



Men brått var tolmodet over... Raskt rekna etter omlag 15 meter...
Vi kallar det ein god start ;-)

Filmkonsert!

Idag har vi vore så heldige å få vere med på "Filmkonsert" i regi av Haramsøy Skulekorps, med blant anna Skulekoret som medverkande gjestar.
Oda er med i skulekoret, og vi har hatt ei i hus som har gledd seg lenge. Temaet var film og musikaler, så derfor måtte vi leite fram litt glitter og stas/fjas.

Her er film-divaen vår rett før vi måtte suse avgarde til konsert, med sølv-tights og glitterspray i håret ;-)
Med på biletet var "dessverre" ikkje fjør-boaen, som var innkjøpt til anledninga.. Den fekk mor trua på til konserten, men sidan den klødde slik, "forsvann" den i løpet av pausa ;-)
(Beklager den fargerike bakgrunnen, tenkte ikkje under tidspress..)
Sjølv om vi eigentleg var tidleg ute, fekk vi plass heilt bakerst.. Og slike avstander takler ikkje mitt super-kamera :-(
Så det blir nokre avstand-bilete utan blits..
Bileta klarer uansett ikkje å formidle kor utruleg bra denne konserten var!! Eg tek av meg hatten for alle involverte, både på og utanfor scena! Supert korps, flinke solistar og eit sjarmerande Skulekor - kan det bli betre?
Eg kan gjerne tenkje meg å oppleve denne konserten ein gong til :-)

Alle arrangement med respekt for seg sjølv, har pauser med lynutlodning og kakesal.
Fotograf på det første biletet er Andrea 3 år, det andre viser Lone - som brukar alle hjelpemiddel for å få i seg sjokoladekaka ;-)

Til slutt: er der nokon som har eit betre bilete av Skulekoret enn det eg har? Då hadde eg blitt svært glad :-)) Hadde vore kjekt å hatt eit bilete av gjengen i action...
Send på mail!!

Snø er gøy!

Sjølv om Oda har sagt at ho er litt lei av snøen no, valgte likevel ho og Ingeborg å vere ute etter dei kom frå generalprøve på "Filmkonserten" laurdag.


Sjølvlaga "bob-bane" var ein av aktivitetane. Ikkje så lang, men gøy likevel ;-)

På'an igjen....

Etter nokre dagar med mildver og dårlege(!) vegar, snudde det pinadø om igjen...

Dette bilete er teke seint fredag, og lovar ikkje bra for snømåkinga dagen etter.....

Gratulerer!


Idag gratulerer vi Marit oppe i Fjellbu med 19 års dagen!

Reknar med dagen vart feira igår...? ;-)

tirsdag 26. januar 2010

Treng du ei vogn..?

Etter at vi har starta med litt rydding i huset (-høyrest ut som det aldri har vore gjort før... ;-), kom vi til at søsken-/tvillingvogna vår ikkje kjem til å bli brukt meir.

Den er av merket Simo, men modellen er usikker.
Vi kjøpte den brukt våren 2008, men har vore lite brukt både av den forrige og noverande eigar.

Hos oss har den vore brukt til søskenvogn, og den er veldig god å trille.
Det følger med hard bag m/pose (til baby), vogntrekk og regntrekk.
Begge ryggane kan leggjast ned.



Interessert?
Prisen er ikkje avskrekkandes :-)

Skitur

Kom fram til at den einaste "organiserte" skituren, der heile familien Ottaus var med, måtte dokumenterast...

Turen gjekk til naboøya. Lengre treng ein ikkje dra for å finne flott oppkøyrde løyper og flott turterreng :-)
Litt spente var vi nok... Med 2 små og 2 store urutinerte skigåarar, og ei på akebrett som eigentleg skulle sove, kunne dette ende katastrofalt..!!

Vi parkerte ved gravplassen på Longva, og spende på oss skia. Målet var løypa over Midt-Remma. Størst spenning låg det vel helst hos Andrine, om ho skulle klare å fullføre. Skikarriera ifjor vart kort pga ein fot som berre ville "skråe" ut når ho fekk på seg ski (-litt trasig å gå med ski som berre kryssar seg bak..). Men etter både røngten og besøk hos fysio, vart vi "friskmeldt"og klar for ein ny ski-sesong. No satsa vi på at skikkelege løyper skulle gjere susen :-)

Andrine var nok ikkje heilt enig dei første hundre meterane, men kom etterkvart i siget. Oda gjekk som ho ikkje skulle ha gjort anna! Vi vaksne var vel glade for at vi for det meste var åleine i løypa ;-)

Etter ei god kjeks-og-saft-pause ved den flotte gapahuken, snudde Bent og Lone for å hente bilen, medan største-jentene tok sikte på Gamleskulen på Rogne. Enkelte synest det var godt å få av seg skia og sette seg i bilen når vi kom fram.. :-)


Lengda på turen var vel kanskje ikkje så imponerande, men når ein tenkjer på utgangspunktet, lyt vi seie oss nøgde likevel...

søndag 24. januar 2010

Soloppgang....




Som skrive tidlegare, vi har hatt eit nydeleg vinterver...


(-men ynskjer meg ei runde med motorsaga...)

Vinter

Har hatt nokre bilete liggjande frå diverse "vinteraktiviteter".
Synest at vi har hatt ein strålandes vinter, der vi faktisk har fått oppleve årstida.
Vi kunne sikkert ha nytta snøen til fleire aktivitetar, men ettermiddagane blir så korte når middagen er ferdig til barne-tv... :-(

Ser av bileta at eg har prøvd meg fram med innstillingane på kamera...
Veit ikkje heilt kva eg kom fram til heller...



Ein kveld det ikkje var fullt så mange minusgrader, tok vi like godt kveldsen ute.
Pølse med brød til kvelds er grei meny, det...


- og utedressar full av røyk... ;-)

lørdag 16. januar 2010

Kosejenta vår

Lone viser seg å vere ei skikkeleg kosejente.
I tillegg til smukken sin, har ho no 3 kosedyr som er eit "must"


Når skal vi starte med "smukke-avvenning" tru.......... ?

fredag 15. januar 2010

02.01.10.

Eg kjem frå verdas flottaste plass!!



Matauk!
Bent fekk vere med "gutta" på fiske, og det resulterte i mange gode middager i fryseren :-)

Middagsbesøk frå Brattvågen.
Meny: Besta's/Mormor's nydelege svinesteik m/sjysaus-spesiale



Ein gjeng som er gode og mette..
Bjørnar ser ut som å vere godt fornøgd, ja ;-)


01.01.10.

Fleire bilete....


Nokre glimt frå dei første minutta ut i det nye året, dei siste bileta eg rakk før batteriet takka for seg..
Sjekk Andrine! Ho somna ute på ein spark, midt blant lysglimt og rakettsmell :-)) Ikkje alltid like lett å vere tøff om natta...

Året starta med eit nydeleg vinterver! Og det varer enno....



Kaffibesøk ute på Granly.
Anette har fått nytt kamera.... ;-)

søndag 10. januar 2010

Nyttår på Fjørtofta

Til nyttåret reiste vi på fjørtofta, og hadde nokre flotte dagar der :-)

Når det kjem såpass med snø, må ein nytte den til noko fornuftig.. Lenge sidan eg har laga snømann på denne storleiken, og gøy var det!

Må nemne at eg på Fjørtofta fekk bruke mine "nye"ski for første gong!
Vart eigentleg kjøpte ifjor vinter, men rakk aldri å bruke dei... Har ikkje gått på ski på over 20 år!!! Men no skal det øvast ;-)


Så nærma det seg 2010...
-Takk for det gamle - og velkommen til det nye !





"Kvit jul" - endeleg !

Denne jula kunne vi endeleg snakke om "kvit jul"!

Dette måtte vi no nytte oss av.

Snølykt og snømåking!


3 kjekke vinter-jenter :-)


Ikkje alltid ein treng å finne på noko nytt og revolusjonerande... Av og til er det greitt å berre vere heime og gjere ting ein har gjort før...


Jula..... fortsettelse....

3. juledag er det tradisjonen tru Juletrefest på Fjørtofta.

Sjølv om det er få ungar att på Fjørtofta, er det mange utflytta fjørtoftingar som kjem heim med sine håpefulle. Kjekk anledning til å bli oppdatert på kor mange ungar den og den har fått, og kor store dei har blitt sidan sist... ;-)

Og så får vi testa ut kor gode vi er på julesang-fronten... !

(Ser at eg var vel rask med bilet-samansetninga her.. Men gode motiv kan vel takast med fleire gongar, vel?)

Jula 2009

Har ein del bilete frå jula som eg må prøve å blogge, reknar med det er nokon heime (les: Fjørtofta :-)) som er interessert i å sjå... :-)



1. juledag måtte vi ut å lufte oss i fineveret, og målet var Ulla Fyr.
Kulden hadde allereie innteke Sunnmøre, så det vart ein "frisk" tur.

Litt "dansing" måtte til for å halde varmen..


Vi våga oss over brua for å møte geitene...
Ikkje alle er like glade i dei!!
Vi treng nok turar til med tillvenning, ja :-)


Vi fekk etterkvart følgje av fam. Milic. Og det var ganske lurt, for dei hadde med kakao ;-)
Så etter ein rask rast på "rette" sida av brua, fann vi det lurast å snu heim, dog med friske roser i kinna.

lørdag 2. januar 2010

Ut på tur, slettes ikkje sur ;-)

Så var det dette med nyttårsforsett.........

I år, -som i fjor, og året før der igjen.., er eit av året sine målsettingar å kome i betre form....

Og på årets første dag, gjorde vi faktisk noko med det...!

I halv 11-tida (på kvelden!) fekk vi tlf frå Ottar om vi skulle bli med på Kimen!! Dette er ikkje den høgaste toppen på Fjørtofta, men når ein i tillegg skal bakse seg gjennom snø til rett under kneet, brukar ein litt energi likevel. Og i tillegg var det tjukk skare, som dessverre ikkje var tjukk nok til å bere ein kropp med litt for god matlyst...!


I måneskin og klarver, var det ikkje naudsynt med noko lys!

Dessverre fekk verken eg eller Ottar til å bruke super-innstillingane på kamera... Men litt måtte no forevigast!!
Spesielt var eg imponert over Emil, som gjekk på ski både opp og ned bakkane :-)


fredag 1. januar 2010

GODT NYTT ÅR!

Vi vil med dette ynskje alle som er innom bloggen vår, eit godt nytt år!


Skulle no ha lagt ut bileta frå rakett-oppskytinga i kveld kl 24.00., men eg vart såklart straumlaus etter 2 bilete....
Difor blir det eit par bilete frå dagens økt ute i snøen.
I kveld heldt alle 3 jentene ut til kl var 24.00. Det heldt hardt for dei to minste, og Andrine somna på fanget ute i sluddet etter at den verste spenninga var utløyst...
Vi får berre stålsette oss til morgondagen, og vere glad for at det er enno nokre dagar til kvardagen skal innhente oss ;-)
GODT NYTT ÅR TIL ALLE BLOGG-LESARAR!