onsdag 27. juni 2012

Fotballturnering

Oda spelar på Jente 10-laget til Hano, og 24. mars var det duka for turnering m / Energikamp i Nordøyhallen.


Medan kampane foregjekk ute på bana, kunne dei som ikkje var så opptekne med å heie, finne på andre ting...  ;-)


Og etter 3 kampar kvar, var laga klare for litt Energikamp.
Her er det samarbeid som tel.


Litt uklart her ser eg, men Oda var ein "racer" på denne øvinga  ;-)


Sveitt i luggen, og konsentrasjonen på topp!
Spiralen er spennande..


Og så var det å sikte seg inn på målet... !


Og så noko av det viktigaste ved ei turnering :  Premie!

Kjekt å få utvida samlinga si på hylla :-)

Vårsol !


Det nærmar seg påske, og vi merkar at sola tek til å varme.
Og kva er vel betre enn å nyte litt "godis" ute på verandaen... ?   :-)

Innskriving i skulen

Snart har vi nok ei skulejente i familien, og den 14. mars var det tid for Innskriving :-)


Litt høgtidleg var det å sette seg ved ein pult, og få utdelt både bok og fargeblyanter. Spennandes å helse på både lærar og rektor... (Sjølv om begge var veldig snille, og rektoren hadde ho no snakka med fleiiiiire gongar...!)


Og etter ei stund ved pultane, var det tid for litt leik.
Nesten det viktigaste, det.....  ;-)


Og når ein kom heim, var det å ta fram skulesakene som ein akkurat hadde fått..  Ein hadde no fått lekser, må vite!!

tirsdag 19. juni 2012

Div frå vinteren 2012

 TV-slave...
Elles ingen kommentar  ;-)


29. mars var ein merkedag for Andrine!
- Den aller første mjølketanna var såpass laus, at den datt ut. Eller det vil seie, den fekk ganske så masse hjelp av Pappa'n.....  Tøffina!  :-)


Lone-mor ♥


Lone-mor ♥♥


Og dette får vere det vi kommenterer av sjukdom vinteren 2012...
JA - vi har hatt våre sjukdomsperioder denne vinteren også!
Kan erindre at vi var ganske så lei og oppgidd ei stund...  :-S

"Landeplager"

Her er frå konserten Haramsøy Skulekorps hadde saman med Barneskulekoret 12. februar 2012

 

Oda står midt i biletet, med "gyllene skor"   :-)

mandag 18. juni 2012

Skeisse-tur (skøyte-tur)

Fortsatt vinter på bloggen her, ja...  ;-)

Ein dag i februar (4/2 ?) var det blå himmel og minusgrader. Den måtte nyttast til å teste ut skøytene, for med ein Sunnmørsk vinter, veit ein aldri kor lenge det held seg..


Valget fall på Lisjemyra, då den er grunnast, og dermed tryggast. Vi rusla opp ved Varden, og fann vegen dit, saman med fleire andre som ville nyte fineversdagen.
Andrine hadde skøyter på føtene for første gong, og det gjekk over all forventning :-)


Det var fleire "ferskingar" på isen også som klarte seg med glans!


Vi var ikkje åleine på isen, og her studerer Lone og Oda ein artig snømann.


Kjekt å kose seg i sola!


Lone hadde også skøyter på føtene for første gong
- kjekt med ei hand å halde i


Sjå!
:-)



Oda har gått på skøyter før, og var vel "eksperten" blant oss  ;-)


Sola var der, og den varma!
Men når sola gjekk bak trea, vart det litt småkaldt..


Etter ei stund på skøyteisen, gjekk vi ned til gapahuken som HIL har laga til.
Då er det kjekt med turfølgje som har med pinnebrød-deig!


Bent fekk fyrt opp eit bål, slik at vi fekk grilla pølser og pinnebrød  :-)


Oda spikkar eigen grillpinne.


Eit bilete som viser den flotte gapahuken som HIL har fått istand!


Kosebilete ;-)


Og så tok det til å mørkne, og det var på tide å finne vegen heim att...

tirsdag 12. juni 2012

Fjelltur m/ fotoapparat

Ein dag i vinter vart fotoapparatet med på fjelltur, berre for å stadfeste at det faktisk var litt kuldegrader vinteren 2012!

Bileta er tekne med mitt "gamle" Canon G10, og er uredigerte..





 Upps.. Den var visst ein smule uklar...

mandag 11. juni 2012

Overnattingsbesøk

Siste helga i januar hadde Andrine overnattingsbesøk - det første nokonsinne!

STAS :-)


Så etter litt laurdagskos, var det på tide å prøve flatsenga nede i kjellaren.
Etter litt lesing i blad og litt småprat, vart det stille .. 
Ikkje nokon stor-rangel på desse jentene, nei :-)


Dagen etter arrangerte jentene "hue-party" (!), og alle måtte bli med ;-)
Høg stemning!


søndag 10. juni 2012

Fjelltur 22/1 - 2012

Har vore på dykk i bilde-arkivet!

Der dukka det opp bilete frå ein tur vi hadde ein kald januardag i år.
Det blir nok ikkje mange kommentarar til bileta, dei får tale for seg sjølve :-)


"Dagmar" har laga hindringar i vegen - men inga hindring, lell :-)

På veg opp til Varden.




Registrering i boka er viktig!




Kvilepause i sola  :-)


På veg opp til Røhammaren.
Flott vintersol!


Jentene mine - i motsol...


Solnedgang vinterstid..


På heimveg...
Og vi kjenner at det er litt kaldt  ;-)


Jentene mine - med raude, fine vinterkjakar.


Litt sliten, men like blid :-)





Næmenn... Mor sjølv har fått bli med på eit bilete ;-)


Vi er i skuggen, medan Skulen enno kan bade seg i sola.


På toppen!



Stormyra/Vassverket


Takk for ein fin tur til min flotte familie ♥