tirsdag 16. februar 2010

Prinsesse Lone


Lone er ei aktiv taus med mykje "føre" seg, sikkert takka vere 2 eldre søstre...
Det dei 2 eldste gjer, blir snart kopiert og utført ;-)
Det har vel gått opp for oss no at vi ikkje lenger har ein baby i hus...
DU VERDA SOM TIDA FLYG!

Bursdagsfeiring!


Sidan det ikkje skjedde så mykje i helga som var, får vi blogge litt frå bursdagsfeiringa forrige helg ;-)

mandag 15. februar 2010

Ein trøtt liten venn...


Lange "arbeidsdagar", korte ettermiddagar, hoste til langt på natt...
Av og til blir det litt for lenge til middagen er ferdig når ein har komt heim att frå bhg... Der ein att på til har hatt utedag...

mandag 8. februar 2010

HIPP HURRA!

I dag er Lone-gullet vårt 2 år !!!!!!!!



Tenk at det no er blitt 2 år sidan sidan vi vakna midt på natta med eit "splæsj", susa til byen med blålys, og fekk ete frukost med ei sovande Lone i senga...
Tida har gått fort, omtrent like fort som det gjekk då Lone kom til verda ;-)


I tida som har gått, har Lone blitt ei klare-sjølv-jente, kose-jente, full-fart-jente, dilte-etter-storesøster-jente, og av og til litt lik Lille My-jente ;-)
Feiringa gjorde vi frå oss i helga, men vi reknar nok med at det blir litt sjokoladekake idag også...

søndag 7. februar 2010

Øving gjer meister...

Har ikkje heilt fått til å ta vinter-bilete med kameraet mitt..
Vart aldri fornøgd med fargane, uansett korleis eg skrudde og stilte (vekk..).

Fekk gjort avtale med to modellar som "velvilleg" stilte opp.


Fann til slutt ut at ingen skruing var det beste.. Det var berre å stille inn på snø-funksjonen og knipse i veg :-))
Dei er no fine då, ikkje sant ?

Koseleg besøk

Laurdag fekk vi koseleg besøk av Anne og Silje.
Oda og Silje er like gamle, og har vore venninner frå dei omtrent har vore nyfødd. Det blir ikkje så ofte dei møtest, dessverre. Ei ferjereise pluss travle kvardagar, gjer at det blir altfor sjeldan.


Men laurdag fann dei ei ferje som gjekk direkte (hehe...), og tok turen utover ;-)
Med i bilen hadde dei også eit nytt familiemedlem. Oda er som kjent ikkje så begeistra for store og framande dyr, og heldt seg på avstand. Lone likeså... Andrine derimot, overraska med å både helse på, og klappe hunden. Men så var no Shila både snill og fin :-)
Vi satsar på at det ikkje blir like lenge til neste gong vi treffast!

No er vi i gong...

No har vi starta med å måle gangen i kjellaren.
Frå ein "terrakotta"-farge, blir det no "Skumring" (-ikkje misforstå - den er lys, altså..). Det er i alle fall den fargen vi startar med, vi har nok fleire strøk å teste ut fargen på..


Så no har vi lagt ut bilete, såpass at vi (forhåpentlegvis!) får eit lite press på oss til å gjere oss ferdige ;-)

Vinterstemning

I skrivande stund ser det ut til at vinteren er over for denne gong...


Men det var utruleg flott så lenge det varte...
No er det vel tilbake til regn og slaps, slik vi er vane med.. ;-) Då er det fint med slike tilbakeblikk!
(Teke frå bru-vegen mot Ulla, sånn rett-etter-jobb-tid..)