mandag 31. august 2009

Gratulerer!

HIPP HURRA FOR TANTE LIV !!!




Vi er så heldige å ha ei Tante Liv som stiller opp når vi treng det :-)
Og idag har ho bursdag !!
Familien Otterlei Austnes gratulerer så mykje med dagen.
Vi gler oss til helga!

søndag 30. august 2009

Gratulerer med dagen!

Idag, 30. august, er det tre år sidan Andrine kom til verda :-)

Eigentleg skulle ho vel heite Tora, for den natta veane starta, var det eit retteleg uver, med lyn og torden. Regnet kom i bøtter og spann, og for oss som hadde gløymt å late att vindauga på bilen dagen før (då hadde det vore strålande sommarver...), vart det ein våt biltur inn til sjukehuset. Men som Bent sa, då gjorde det ingenting om vatnet skulle gå (!)


Andrine er krølltoppen og tøysejenta i familien Otterlei Austnes. Men også ei bestemt jente med "dramatiske" fakter. Trur ho har ei lita framtid i Barnegruppa på Rogne.. ;-)
Vi gratulerer med dagen og håper det vil smake med sjokoladekake!

lørdag 29. august 2009

Rock it!!

Heisann Morfar!

Her er ein liten videosnutt til deg :-)

torsdag 27. august 2009

Turisten!

Frå huset vårt har vi lite eller ingen utsikt... Trea veks eit par meter i året (minst!), og vi er snart "huset i skogen".
Men når Bent kom frå arbeid ikveld, fekk han auge på dette flotte skipet! Då var det å suse heim att for å hente fotoapparatet :-)
Det var ein skikkeleg sværing, med namnet "Costa Luminosa" (-eit par tastetrykk på nettet, og alt ein treng å vite, dukkar opp på skjermen)
Der skulle vi ha vore!!


Sidan sist...

Blogginga no om dagane blir i rykk og napp..
Det merkast godt at ferien er over, og at mor er ute i jobb igjen.. Men litt skjer no i Familien Otterlei Austnes mellom jobb/skule/bhg og leggetid ;-)

Denne veka har symaskina stått framme. Dessverre ikkje for å sleppe laus dei kunstneriske (!!) evnene, men for å reparere kle.. Interessant kan det vere likevel ;-)



Søndagskvelden var Bent ut mot fyret for å prøve fiskelukka.
Heldigvis hadde han med seg fotoapparatet, for det var nokre flotte skyer ute i havet!

Torsdag i forrige veke hadde vi ein utruleg fin ettermiddag. Gradestokken viste over 27 C klokka 1900. Indian Summer!






onsdag 19. august 2009

Vatn er gøy!


Bileta talar vel for seg sjølv :-))

Tida går!

Nei.... Den flyg!!
Plutseleg var Oda 2. klassing!

mandag 17. august 2009

Sidan sist..

Ikveld hadde eg ein liten "dugnad" på å legge inn bilete frå kamera (2stk) til pc, og då vart det til at det vart litt Picnik også....
Får vise kva vi har brukt dei siste dagane til... ;-)


Onsdag hadde vi besøk av Malin, dei ordna seg egg til lunsj (-og is til dessert!)
Og Lone er fortsatt like bestemt på å ete sjølv.. Ein får ta i bruk dei metodane ein kan for å få i seg maten!



Torsdag starta mor i hus på nytt arbeidsår, med kursdag ved Gjersetvatnet! Flott dag, der ein ikkje vart køyrd til døra, kan ein seie...
Søndag (litt "blandings" her, ja) var det ØyaCup for Yngres på Harøya. Eldste-jenta vår er ikkje av den frampå-typen, så mor var svært spent på innsatsen på bana. Men det vart no i alle fall pokal, og den har fått hedersplassen saman med fars pokal for 100 kampar!



Laurdag var det heldigvis eit opphald i alt regnet vi har hatt dei siste dagane. Kjekt for dei som skulle arrangere Båtreff her ute. Vi benytta sjansen til å prøve Elias-båten som var på besøk :-)
På hamna hadde også Magne Åkre fotoutstilling som vi var innom. Fann eit artig bilde av Oldefar Nils, og eit anna bilete frå ein Hano-kamp eg berre måtte snik-fotografere.. Nokon som kjenner seg att? :-)))

fredag 14. august 2009

Venting...


Ei lita oppsummering..

Det blir ikkje så mykje blogging for tida.. Dagane strekk ikkje heilt til...


Denne veka, og i helga som var, har vi prøvd å "snu" oss om til skule og jobb. Lone og Andrine har byrja i bhg, og det ser ut til at Lone finn seg til rette der :-)

Innimellom regnbyene har vi prøvd å få måla litt på huset. Rakk dessverre ikkje dette i vår, men prøver litt no og då, sjølv om luftfuktigheita tidvis har vore høg..

Ungane har vore heldige, dei har hatt og har vore mykje på besøk.. Gode vener er kjekt å ha! :-)

Tirsdag var Oda og mamma på moa på shopping! Brukte ein heil dag, og Oda var kjempeflink. Men så var det då ho det vart handla mest til, også då.. ;-)

Her er nokre klipp frå sist veke:




torsdag 13. august 2009

75-års feiring!

I forrige veke feira mamma og Mormor 75 år!
Det vart ein fin dag saman med familie, med MorAases nydelege brennsnut, og med gode kaker... Veret var også på jubilanten si side :-)

Vi takker for ein fin dag, og satser på reprise om 5 år ;-)



tirsdag 11. august 2009

Gratulerer!

Idag, 11. august, fyller Emil heile 14 år!


Emil er ein kjempeflott gut, som vi set stor pris på. Håper Mamsen har baka kake, og at du får feire med alle dine heime - før dei dreg kvar til sitt.
Familien Otterlei Austnes gratulerer så mykje med dagen!
Ein liten ekstra "tante-klem" til minste-guten ;-) ;-)

onsdag 5. august 2009

GRATULERER!!

Idag, 5. august, fyller Verdens Beste Mamma, Svigermor, Mormor, Farmor og Besta 75 år!


Vi gratulerer, og gler oss til kake og brennsnut!

Kveldshimmelen...

Tirsagskvelden var det nok ein fin solnedgang å ta bilete av..
Eigentleg litt for seint for den finaste himmelen, .... Himmelen var godt raud, så bileta er tekne kun med "autofokus-knappen".


Fjørtoftsferie!

I forrige veke hadde eg og jentene nokre flotte dagar på Fjørtofta. Veret var ikkje heilt topp (-det vart ikkje bading i fjøra..) men ferie vart det lell :-)
Hadde nokre fleire bilete liggjande som eg gjerne vil vise slekt og vener. Jepp, vi trivast på Fjørtofta!!








Tusen takk for eit flott opphald på Hotell Midtun ;-)
Vi kjem snart igjen!


mandag 3. august 2009

Håp i Havet!

Sidan vi likevel var på Finnøya, måtte vi sjølvsagt innom Håp i Havet.
Ein heilt perfekt stad, spør du meg.. Dei gongane vi har vore der, har det aldri vore stappfullt, og bassenga og sklia er akkurat passe for våre behov :-)

Oda har vore innom 2 "badeland" i løpet av sommaren, og vi ser at det har gjort godt..
Mykje meir glad i vatnet no enn tidlegare :-)
Tenk om vi hadde hatt vatn i bassenget her heime....


Det er eigentleg ikkje "lov" å ta bilete på offentleg bad, men lurte med meg kamera likevel..
Skulle her ta bilete av Andrine med den flotte utsikta og himmelen som var ute som bakgrunn, men ser at eg heller har fått med høymola utanfor.... Jaja....


Etter at dagen var ferdig, var vi på vår reise innom både Harøya, Fjørtofta, Dryna, Brattvågen, Skjelten, Lepsøya, før vi ein smule trøtt og lei, landa på Austnes....
Fin dag, lell.... :-)

Litt feiring på forskudd...

Sidan Mor Aase snart har "stor dag", fann vi ut at vi skulle reise på Finnøya og ete middag på søndag...
Sjølv om menyen ikkje var 5-stjerners, vart vi gode og mette alle mann ;-)
Og at det er idyllisk der ute, det skal vere sikkert!

Her er nokre glimt frå dagen...

Nydeleg ver! Skulle eigentleg hatt eigen båt, men ferja er grei nok, den...


Tusen takk for ein fin dag!

søndag 2. august 2009

Makrell-fiske!

Noko av det kjekkaste eg veit å fiske, er makrell! Og no er den komen, og vi fekk øve til å komme oss ut i båt :-)
Vi lånte båten til Onkel Ottar, og hadde Morfar til skipper og Mormor til barnevakt. Så var det berre å satse på at makrellen ville bite...

Her er gjengen på veg ut av støa...


Og heldigvis, den var der!!
Ikkje nokon eventyrleg fangst, men 18 makrellar på ein god time er godt nok for oss :-)
-Og så var det kjempegøy!

lørdag 1. august 2009

Bærplukking



Til sommaren høyrer det til litt bærplukking.

No er ikkje våre ungar dei største bær-etarane, men dei er veldig glade i heimelaga sylte og saft ("Mormor-saft") Og vår faste leverandør kjem frå Fjørtofta, som lagar nydelege produkt, heilt utan e-stoff :-)

No skulle eigentleg ungane stått og plukka litervis med bær, slik at vi kunne bidra til safting og sylting... Men nei, til og med det må Mormor gjere sjølv! Dei bæra som blir plukka, er berre fordi det er gøy - så lenge DET varer..