mandag 17. august 2009

Sidan sist..

Ikveld hadde eg ein liten "dugnad" på å legge inn bilete frå kamera (2stk) til pc, og då vart det til at det vart litt Picnik også....
Får vise kva vi har brukt dei siste dagane til... ;-)


Onsdag hadde vi besøk av Malin, dei ordna seg egg til lunsj (-og is til dessert!)
Og Lone er fortsatt like bestemt på å ete sjølv.. Ein får ta i bruk dei metodane ein kan for å få i seg maten!



Torsdag starta mor i hus på nytt arbeidsår, med kursdag ved Gjersetvatnet! Flott dag, der ein ikkje vart køyrd til døra, kan ein seie...
Søndag (litt "blandings" her, ja) var det ØyaCup for Yngres på Harøya. Eldste-jenta vår er ikkje av den frampå-typen, så mor var svært spent på innsatsen på bana. Men det vart no i alle fall pokal, og den har fått hedersplassen saman med fars pokal for 100 kampar!



Laurdag var det heldigvis eit opphald i alt regnet vi har hatt dei siste dagane. Kjekt for dei som skulle arrangere Båtreff her ute. Vi benytta sjansen til å prøve Elias-båten som var på besøk :-)
På hamna hadde også Magne Åkre fotoutstilling som vi var innom. Fann eit artig bilde av Oldefar Nils, og eit anna bilete frå ein Hano-kamp eg berre måtte snik-fotografere.. Nokon som kjenner seg att? :-)))

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann søste ;-)
Kjempe artige bilde. E innom bloggen din ofte for å sjekke om det he kome nytt. E klar over at tida ikkje strekk heilt til.
So bror`n på Tøftå venta spent på neste innlegg. ;-)