tirsdag 29. juni 2010

JIPPI!!!

Var innom yr.no ikveld for å sjekke om det vart hagen eller kjellaren som skulle få 1. prioritet i morgon...
Og etter ein heller begredeleg sommar hittil, kan vel dette få opp humøret på alle og einkvar!!


- EG BLIR Å FINNE PÅ STRANDA :-)
(Må vel kanskje leggje til at eg fekk feilmelding når eg trykkte på "Austnes" for å sjekke detaljane... :-(

mandag 28. juni 2010

Feiring av jonsok 2010

Også i år måtte eg heim for å feire "skikkeleg" jonsok..

Jonsok-feiringa skal liksom vere grilling og bål i fjøra, helst i ei slik stø som heime på Fjørtofta.
Så då satsa vi på at vi fekk hive oss med dei som har både grill og langbord nede i Otta-fjøra ;-)


Det var ikkje så mange som "fann fram" denne Jonsokaftanen, men vi hadde det kjempekoseleg vi som var der! (Eg snakkar i alle fall for meg sjølv)


Fisking av krabber høyrer med, og dei største like ivrig som dei minste ;-)


Til og med veret klaffa denne kvelden, sjølv om det kanskje ikkje var rette badetemperaturen..
Eller tek eg feil, Ove !?! ;-))


Blir ikkje så mykje skriving denne gongen - bileta får tale for seg sjølv.. :-)

Takk for ei fin feiring, håper å få komme tilbake, kanskje til neste år ?







søndag 27. juni 2010

Fotoshoot

Har lånt marka til naboen for eit lite fotoshoot....
Litt av resultata kjem her :-)



















Greit med kamera med "slette"-knapp når ein har med levande objekt å gjere... Det var i alle fall denne dagens lærdom!!



Ut på tur - aldri sur!

Tirsdag 22. juni var det på tide at mor starta på forsettet sitt "trim i ferien"...
Så då var det å aliere seg med ein gjeng som kunne vere harar, såpass at mor heldt oppe tempoet... ;-)

Målsettinga var Røhammaren, men som den spreke gjengen vi er, la vi inn nokre ekstra postkasser!!
Vi starta med å gå bort til byggefeltet, og derifrå til Varden. Så tok vi sikte på Stormyrhaugen, og tok til slutt Røhammaren.
Der hadde vi ei litt lengre kjekspause, som pga vinden måtte takast inne i skogen..
Ned att tok Fjellvegen ned til skulen.
Trur alle var fornøgd med turen, mor kjende i alle fall i føtene at vi hadde gått i ca 1, 5 timar.. (Seier vel kanskje mest om forma hennar..)


Tusen takk for turen - dokke er ein kjempe-gjeng! :-) :-)

tirsdag 22. juni 2010

Sommarfest v/Haramsøy Bhg

Måndag 21. juni var det duka for Sommarfest med karneval på bhg til Andrine og Lone.
Antrekket var sjølvsagt klart, her i hus har vi to søte prinsesser/feer (Lett jobb for mor, heldigvis :-)

Veret tillot at vi kunne vere ute, sjølv om sommaren ikkje kom idag heller..
Vi fekk høyre både sang og regler, og vi kunne bli med på aktivitetsløype. Pølser, is og kaker høyrer også med på ein slik dag.


Etterpå kunne dei vaksne kose seg med prat og kaffi, medan ungane leika seg.
Kjekk føremiddag på bhg :-)

Kveldshimmel


Seint søndagskvelden kunne ein sjå dette ute i havet..
Eit flott syn som dessverre endra seg for fort til at ein kunne hive seg i bilen og køyre utover.
Satsar på at det blir fleire slike kveldar i løpet av sommaren :-)

Jonsokfeiring på Framtun, Rogne

På laurdag tok vi turen til Rogne for å få med oss Jonsokfeiringa der.
Er berre så utruleg imponert over kva dei får til, både store og små! Sjølv om Framtun var fullsett, så burde dette ha vore vist til langt fleire. Vi storkosa oss!!

Måtte berre få med eit bilete av jentene i like sommarkjolar... jepp ;-)



Her er gjengen som kan å imponere!
Vi fekk møte både Pippi, Emil, Marikken, Ronja Røverdatter, kaptein Sabeltann og Karlson på taket (Gløymde eg nokon no..?)
Etter teaterstykket var det rømmegraut (eller pølse med brød for vår del..), kaker, tombola og bålbrenning. Og så rakk vi litt av diskoteket før vi kom til at det var på tide å få Lone i seng..
TAKK for ein flott kveld!

Lesekonkurranse

Haram Folkebibliotek har i sommar ein lesekonkurranse for barn i 1. til 7. klasse. Denne konkurranse har Oda bestemt seg for å vere med på :-) Dette førte til at dei første dagane las ho både seint og tidleg..

Dette er frå "tidleg"..
Og lesepasset, det er allereie ferdig utfyllt!!

Avslutning v/ Haramsøy Skule

Torsdag 17. juni var det sommaravslutning ved Haramsøy Skule.
Oda framførte saman med resten av småskulesteget, ein del av Kardemommeby. Flinke elevar og kjekk fest! (Og mor fekk "dunka" seg gjennom ein god time på diskotek - som veggpryd, vel og merke..)

Sidan vi som vanleg hamna langt bak i salen, fekk eg ikkje noko gode bilete av det som skjedde på scena.. Får heller vise eit bilete av jentene frå før vi drog på festen. Pga av det sure og triste veret, vart dei kledd i blomstrete kjolar - det var no trass alt ein Sommarfest!!

Og tenk, når Oda startar på skulen igjen i august, er ho 3. klassing..

mandag 21. juni 2010

Fjelltur

Far i hus har for tida opptil 12 timers arbeidsdag, noko som inneber "litt" overtid...

Den dagen han fann ut at han IKKJE skulle på overtid, fann han derimot ut at vi skulle på fjellet! Så istadenfor å setje oss i sofaen og sjå barne-tv, vart det UT PÅ TUR - ALDRI SUR :-)

Med kjeks i sekken og Lone i meisen, starta vi turen opp gjennom skogen.. Om det var rås eller hjorte-rås vi gjekk etter, veit vi ikkje, flått var der i alle fall mykje av!! Kjem nok ikkje til å velje denne vegen særleg ofte, nei..

Fann til slutt råsa som går opp "Kantaraua" (?) Ein smule bratt var det, var litt nervøs for Lone som dingla i meisen og "virrelusa" Andrine.. Oda fekk eg ikkje tid til å vere nervøs for, ho var oppe før vi andre i det heile fekk starta :-)

Etter ei kjekspause når vi var komt til topps, rusla vi mot Røhammaren..


Det var godt med ei lengre kjekspause der. Og Oda skreiv oss sjølvsagt opp i boka - viktig å stadfeste alle store bragder!
Etter ei god pause, vende vi nasen heimover, denne gongen via Fjellvegen ned mot skulen.
Vel heime, var det å kle av seg alle klea på trappa, og hoppe rett i badekaret.. Ingen flått skulle inn i huset vårt, nei!
Og 3 timar og 5 flått seinare, var vi klar for senga. Eller dvs, vi store somna på sofaen... ;-)
- Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!
(Og kanskje Bent angra litt dagen etter at det ikkje hadde vore overtid likevel.. Reknar med han kjende det i føtene etter å ha hatt Lone på ryggen i eit par timar ;-))

Oppdatering..

Her kjem ei runde med oppdateringar....

Skal prøve å vere oftare innom bloggen no, no når eg har starta på avspaseringa mi... ;-))



Eg og Oda starta juni månad med å vere sjuk... Igjen!
10 dagar tilsaman brukte vi for å komme oss på føtene igjen :-(
Her er det Andrine og Lone som har litt sympati for oss. Dei var heldigvis berre skrekkeleg forkjøla..

torsdag 17. juni 2010

Velkommen heim!

Tre karar. Tre syklar. 50 mil. Eit mål.

Ynskjer gutta frå TEAM OTTERLEI velkommen heim etter å ha lagt bak seg nokre tøffe mil frå Bergen!!
Håper dei siste mila går "knirkefritt"!!
HEIAHEIAHEIA!!!

torsdag 10. juni 2010

tirsdag 8. juni 2010

Knipsing i "Magne-fjøra"

Har vore så heldig å få bli med dei proffe med "skikkeleg" kamera, på foto-shoot..
Her er nokre av resultata mine...









Sanneleg ikkje lett med levande motiv som har eigen vilje.... ;-)

mandag 7. juni 2010

Litt meir pinse...

Etter at vi hadde blitt gode og mette inne i Brattvågen, reiste vi ut på Fjørtofta til enno meir mat ;-)
Denne helga var det Fjørtoftstreff, men vi rakk dessverre ikkje så mykje av det som skjedde på laurdagen..

På søndag derimot, var vi klare for barneridning på Davika.
Oda var heile tida innstilt på at dette skulle ho bli med på, Andrine derimot skulle ikkje... Då turen endeleg kom til oss, vart stoda annleis! Oda trekte seg i siste liten, medan Andrine tok seg ein tur på hesteryggen som ho ikkje hadde gjort anna :-) Enden på visa var at Oda skulle likevel, ho kunne no ikkje vere dårlegare enn veslesystra ! ;-)


Elles fekk vi kosa oss saman med Mormor og Morfar, Tante Lisbeth og Onkel Rune. Og så åt vi mykje god mat...





På mandagen prøvde eg å få med meg jentene (pluss venner) opp i Kløvningen, "min barndoms Trollskog". Prøvde å fortelje dei korleis eg hadde brukt å leike meg der då eg var liten, men fekk lite respons.. Dei ville heller inn og leike!! Neste gong skal eg ta turen dit heilt åleine, nemleg... ;-)) Hadde dei berre visst kva dei har gått glipp av :-)



På mandags ettermiddag var det å prøve å komme seg med ei ferje, slik at vi rakk heim for å sjekke kva Bent hadde med i kofferten frå Italia.


Litt frå Pinsa...

Betre seint enn aldri... Men det var dette med tid til blogging då..

Sidan Bent kosa seg i solfylte Toscana denne helga, må det no bloggast det vi jentene gjorde på:

Laurdagen var vi i Brattvågen og feira to flotte damer :-) Tante Berit stod for hus og kokkeutdannelse, vi stod for liv og røre...



Ekstra kjekt var det at Tante Sigrid hadde teke turen frå Oslo :-)