søndag 2. august 2009

Makrell-fiske!

Noko av det kjekkaste eg veit å fiske, er makrell! Og no er den komen, og vi fekk øve til å komme oss ut i båt :-)
Vi lånte båten til Onkel Ottar, og hadde Morfar til skipper og Mormor til barnevakt. Så var det berre å satse på at makrellen ville bite...

Her er gjengen på veg ut av støa...


Og heldigvis, den var der!!
Ikkje nokon eventyrleg fangst, men 18 makrellar på ein god time er godt nok for oss :-)
-Og så var det kjempegøy!

1 kommentar:

Siv sa...

Makrell e kjempeartig å fiske, for den e so vilter! Kjennest ut som du fær på storkval! Men ej lika ikkje å ete den ej da...