mandag 3. august 2009

Håp i Havet!

Sidan vi likevel var på Finnøya, måtte vi sjølvsagt innom Håp i Havet.
Ein heilt perfekt stad, spør du meg.. Dei gongane vi har vore der, har det aldri vore stappfullt, og bassenga og sklia er akkurat passe for våre behov :-)

Oda har vore innom 2 "badeland" i løpet av sommaren, og vi ser at det har gjort godt..
Mykje meir glad i vatnet no enn tidlegare :-)
Tenk om vi hadde hatt vatn i bassenget her heime....


Det er eigentleg ikkje "lov" å ta bilete på offentleg bad, men lurte med meg kamera likevel..
Skulle her ta bilete av Andrine med den flotte utsikta og himmelen som var ute som bakgrunn, men ser at eg heller har fått med høymola utanfor.... Jaja....


Etter at dagen var ferdig, var vi på vår reise innom både Harøya, Fjørtofta, Dryna, Brattvågen, Skjelten, Lepsøya, før vi ein smule trøtt og lei, landa på Austnes....
Fin dag, lell.... :-)

Ingen kommentarer: