fredag 23. juli 2010

Fjørtoftsdagar

Eg og ungane har hatt eit par dagar på Fjørtofta medan pappa Bent har jobba.
Der har vi kosa oss på Hotell Midtun, mor har fått kvilt seg, og ungane har hatt kvalitetstid med Mormor og Morfar :-)


Første dagen vi var i fjøra, var det ikkje badever.. Sjølv om Oda prøvde som best ho kunne å mane fram sola ;-)


Heldigvis hugsa vi å ta med oss syklane, og betre sykkelvegar enn på Fjørtofta skal du vel leite lenge etter! Andrine tok runda ned og opp vegen uttalelege gongar, og eg og Oda måtte ha oss nokre runder rundt Sørgard.
Og så hadde Morfar tid til å ta litt "shinings" på syklane, trur ikkje det har vore gjort før i år, nei ;-)
...
Fortsettelse fylgjer...

Friskis & Svettis

Tante Liv er instruktør hos Friskis&Svettis på Molde, og no har vi funne ein god vikar om ho ein dag måtte melde pass :-))



Då vi var på Fjørtofta, var Lone "kledeleg" beskjeden i ca 5 minutt då ho traff att Granly-gjengen ...
Etter det tok ho over heile showet! Ho fekk med seg Ove, og heldt det gåande...
Skulle eigentleg vise ein filmsnutt, men fekk det ikkje til å virke. Uansett, eg er sikker på at ho hadde bestått prøva som instruktør ;-)

Regnversdagar

Som dei fleste har fått med seg, har ikkje sommaren -til no i alle fall, vore noko å skryte av... Då blir det mest inneaktivitetar ;-)
Måtte berre ha med eit bilete der det er bevist at vi har baka i sommar! Det er ikkje kvardagskost i familien OttAus..


Dessutan er det kjekt med venninnebesøk :-)
Både Tante Åse og Tante Liv har vore på besøk på Haramsøya i sommar. Det var kjekt, sjølv om dei gløymde å ta med seg sommarveret.. Og Tante Liv er populær gjest. Ho sit like gjerne på golvet med ungane, og er med på litt æksjen. Her har vi foreviga henne med prinsesse-diadem også ;-)

søndag 18. juli 2010

Endeleg...

Endeleg fekk eg "fatt i" ein skikkeleg solnedgang - og den måtte eg sjølvsagt heim att for å finne.... ;-)

Eit lite utvalg av dei bileta eg tok, utan bearbeiding og "fusk"..


Ståstaden er "Heimigards-kaia", og vi ser ut mot Brunkleggen..


Her har eg flytta meg eit lite stykkje, men fortsatt med Brunkleggen i sikte.

torsdag 15. juli 2010

Frisk dusj!

Når ein har ferie er det vel slik at ein skal gjere ting "snertvindt"...
Så det gjorde vi idag!
Mellom alle tordenskralla og lynglimta, og når det regna som verst, tok vi berre å kledde av ungane og sende dei ut på altanen....


Vi kan vel kalle det ein frisk dusj, og kveldsstellet vart i alle fall gjort i ein fei ;-)))

Tannpussen tok vi innandørs... ;-)))

tirsdag 13. juli 2010

Veka som gjekk.. Del 2

Og her ser dokke MIN flotte blomsterbukett ;-)
Fin den også, ikkje sant ?



Har ein uvane med å somne på sofaen om kvelden, og då kan det gå nokre timar før eg finn senga..
Men ein kan til gjengjeld få med seg nokre fine soloppgangar, då ;-)
(Mot Flem/Halsane, ein gong mellom kl 4 og 5)



Søndag kom endeleg varmen vi har venta på, så då rakk vi nokre fine timar utandørs.
Vi kom til at vi skulle grille, og ba på oss middagsgjester... Vi rakk akkurat å sluke siste matbiten før regnet og vinden kom!! Desserten tok vi innandørs...




Veka som gjekk.. Del 1

Sjølv om det er ferie, så går dagane skrekkeleg fort... Men her er i alle fall ein smakebit på det vi gjorde i veka som gjekk :-)

Veka starta kjekt, med Brattvåg-besøk av Anne og Silje :-)
Lone og Andrine vart sendt i bhg, så store-jentene fekk kvalitetstid, heilt for seg sjølve (Og mamsane fekk sitje i fred og preike... ;-)



Det er kjempe-stas når dei minste får vere med på leiken av store-jentene.. Her er det Malin og Oda som har sminka "to tindrane lys" - gjett om dei var medgjerlege under denne seansen!!
Elles går det i Top Model-teikning hos store-jentene for tida. Og begge to fekk seg nye Top Model bøker under by-turer i veka som gjekk. Greitt med sommer-syssel! ;-)




Det har ikkje vore så mange solnedganger å foreviga til no i sommar...
Men ein kveld så var der eit "potensiale"....
Fotografen var berre så altfor seint ute :-(


Lone protesterer på det meste for tida... Blant anna er det protestar på å gå på badet for kvelden. Då er det greitt med avtalar, som til dømes å kunne få ringe til Mormor og Morfar etter at pysjen er på...
Veit ikkje om dei i andre enden forstår alt, då men. I alle fall ikkje når ein skal vise fram både ting og seg sjølv gjennom telefonen ;-))




Veret kan ein vel trygt seie er skiftande for tida.
Sol og varme blir avløyst av det ein kan tru er haust-stormar...
Etter ei slik "ruske-bye", kom eg til at det kunne vere greitt å forevige litt av det som veks i parken (!) oppe i Nyhammer.
Del 2 kjem ved eit seinare høve...


mandag 5. juli 2010

Endeleg sommar!

Endeleg har vi fått kjenne på sommaren her på Sunnmøre også :-)
Til og med var det helg når fineveret "sveipa" over oss! Og sidan vi no har fått leita fram sommarklea, tek vi gjerne fleire slike dagar.

Her kjem ei lita oppsummering av helga, litt hulter til bulter; menmen... ;-)

Sol og varme tilseier at ein kan gå med lite kle.. Og då må ein nytte høvet til å starte med "truse-trening"! Lone er nok ikkje heilt gira enno, det er tryggast med bleien! Ikkje kjekt å tisse seg ut i det heile tatt..
Men "opp-backinga" er det ikkje noko å seie på, i alle fall ;-) Viktig med heia-gjeng!


Både telt og basseng fekk plass på plenen denne helga, og verandaen var full av leiker, pledd og puter. Kjekt når ein gå ut og inn gjennom åpne dører, utan skor! Og lunsjen blir sjølvsagt fortært utandørs.

Vi hadde planer om å komme oss på stranda i løpet av laurdagen, men sidan vi hadde det så fint heime i hagen, vart det ikkje noko av..
Men dei to badenymfene hadde det kjekt likevel :-)


Lone - med eit av påfunna sine..
Snakk om oppkome!!



Når det er så bra ver, kan ein ikkje kaste vekk tida med å ete inne. Omtrent alle måltida, utanom frokost og kvelds, vart etne ute.
Noko som "Måse-Lars" også oppdaga etterkvart. Det vart nokre godbitar på han også... ;-)




Og her er eit lite Lone-show! :-)
Strålandes ver og eit strålandes humør!
(Dessverre litt småe bilete... Du får klikke på biletet, Morfar, då blir det større ;-)




HIPP HURRA!


Idag, den 4. juli, fyller Andrea endeleg 4 år.
Vi gratulerer med dagen, og takker for eit kjekt selskap :-)