mandag 29. mars 2010

Idol..

Onsdag var det eit strålandes vårver. Mamma og Andrine pleia sjølvsagt helsa innandørs denne dagen(!), men dei to andre var ikkje klar for å gå inn etter at dei hadde kome heim frå skule og bhg.



Så då vart det litt fotball på verandaen før middag..
Og om nokon skulle vere i tvil, storesøstrene er Lone sitt store førebilete ;-)

Sidan sist..

Lenge sidan sist!
Det blir lite tid til både eigen og andre sine bloggar no for tida.. Så vi får prøve oss på eit lite "skippertak" :-)

Sist helg, frå laurdag til søndag, hadde Oda overnattingsbesøk på "storrommet" i kjellaren.
Dei hadde ordna seg til med flatseng, puter i massevis, og det dei elles kunne komme til å trenge
i løpet av ei lang natt/tidleg morgon..
Men kjekke jenter søv om natta, sjølv om det vart litt seinare enn vanleg denne kvelden. Og litt tidlegare om morgonen... (Men då kan ein no berre spele litt DS og teikne litt Supermodel til det er på tide å stå opp!)
Seinare på søndagen reiste vi på Harøya for å vere med på Samtalegudstenesta til Emil, som snart skal konfirmere seg. Sidan han er einaste konfirmanten frå Fjørtofta dette året, blir han konfirmert saman med klassekameratane på Harøya. Men sjølve Konfirmasjonen skal vere i "rette"-kyrkja på Fjørtofta :-)
-Ein flott ung mann! (Heilt objektivt sagt av ei stolt tante...)

To gode venner... :-)


Overhøyringa (eller samtalen) vart gjort med ein quiz på storskjerm.. Men vi vart forsikra om at det hadde vore pugging av salmevers inne i biletet også ;-)


onsdag 10. mars 2010

Liksom-fotograf..

Drøymer stadig om å bli ein rasande dyktig fotograf, som tek det eine gode bilete etter det andre...
Hittil er eg glad eg har digitalt kamera og fotoredigerings-program på pc'n...


Men drøymer gjer eg, og knipsar bilete stadig vekk, i jakta på det ultimate biletet.
I mellomtida leitar eg etter tips i blad, bøker og bloggar..
Tenk om eg kunne lære meg å bli ein dyktig fotograf?!?!






Men sidan eg har tilgang på slike fine motiv, kan eg leggje ut biletet som eg er sånn tåleleg nøgd med ;-)

Mamma'n og Pappa'n min

Her er Mamma'n og Pappa'n min!




Gla ti dokke! :-)

Fleire bilete frå vinterferien..

Siste helga i vinterferien var vi på Fjørtofta.
Her kjem, seint men godt, nokre bilete frå helga..

Veret var (som vanleg !?) strålande, og laurdag måtte vi ut i snøen.. Kjekt å kunne opphalde seg på solsida ;-)


På Fjørtofta fekk eg også foreviga dei første snøklokkene.. Det er snart vår!



Vi måtte også innom Granly for å sjekke opp korleis det gjekk med Tante Randi og Anette som hadde stor-dugnad med malerkosten på stova der... Vi gler oss til å komme på besøk for å sjekke det endelege resultatet!
Takk for ei koseleg helg, Mormor og Morfar!

lørdag 6. mars 2010

Litt vinterferie-bilder

Litt seint, men her kjem nokre bilete frå vinterferien....


Ein av dagane hadde vi kjekt besøk av Malin.
Heile veka var prega av godt og kaldt vinterver, reint for mykje, synest eg... Er greitt å kunne få vere heime og fyre i peisen...
Og jammen kom det ikkje meir snø også! Det måtte vi feire med ei lyslykt - som stod og brann til dagen etterpå.

Ein av dagane måtte vi ut på Ulla for å få litt frisk luft. Pga geitene blir det ikkje over brua, då men...

Ganske så småkaldt blir det når det er mange minus og litt vind,,,

Litt for mykje tøysing, her ja....





torsdag 4. mars 2010

Heime-dag

Idag (onsdag) var det bhg-stengt, og det vart heimedag for mor. Og sidan det var eit strålande ver innimellom snøv-byene, måtte vi ut og sjå om vi kunne få litt vår-fregner...

Resultatet vart sparketur til butikken for å kjøpe bollar :-)


Det gjekk ikkje så fort, men det var no ikkje meininga heller...
Sidan fortauet ikkje var brøytt, var det hovudvegen som hadde det beste sparkeføret. Men sola varmar og hadde laga bare flekkar her og der, så det var risikosport å ha stor fart!

Trangt om plassen...

Vi har enno ikkje hatt kapasitet til å ta i bruk romma i kjellaren, så det er fortsatt ganske så trangt på soverommet i hovedetasjen....



Men blide er dei no lell, sjølv om det er tidleg på morgonen.... ! ;-)