mandag 26. april 2010

Gratulerer!


Verdas flottaste Farmor jubilerer med 85 år idag!
Håper du får ein fin dag.
Go'klem frå 3 gode gull :-)

mandag 19. april 2010

Det er vår!!

DET ER VÅR - i alle fall på kalenderen...




Etter at desse bileta vart tekne, kom det endå eit lite lag med ny-snø på trampolina...

Ny sykkel!

Andrine har teke til å vise interesse for å sykle på 2 hjul, men gamle-sykkelen til Oda var fortsatt litt skummel å sykle på..
Difor vart det investert i ny sykkel, hakket mindre! (Greitt når det kjem nokon etter og kan arve!)


Så då Bent var på fastlandet før helga, måtte jentene få vere oppe litt ekstra for å få med seg overraskinga :-)
No ventar vi berre på at våren skal komme for fullt, slik at vi kan vere ute og trene!!

Ut på tur...

Sidan veret denne helga ikkje har frista (-ikkje meg, i alle fall..) til så mange uteaktivitetar, tek vi oss tid til å blogge nokre bilete frå turen forrige helg :-)

Den helga kunne vi snakke om vår-ver, og det var nydeleg å vere ute :-)

Vi bestemte oss for å rusle til Varden, akkurat passe tur når vi let bilen stå og går heile vegen.
Og på vegen frå skulen og til byggjefeltet, tok vi med oss to ekstra tur-gåarar..
Kjekt med selskap!




Og frå Varden vart det ein liten avstikkar til Ola-steinen (Er det det den heiter,tru..?)
Lengre turde vi ikkje gå, sidan Lone ikkje alltid var like fornøgd i bere-meisen, men heller ikkje ville gå på føtene....


Og så til slutt må vi ta med eit bilete av dei to som fekk tid til å "shine" 2 stk bilar medan vi var på fjellet ;-)






tirsdag 13. april 2010

God tur!


Fortsettelse - konfirmasjon..

Med eit par hundre bilete teke desse dagane, må vi publisere nokre fleire..

Mamma Randi hadde laga til eit nydeleg pynta bord. Og sjekk sjokoladen som låg på fatet vårt!! Nydeleg sjokolade, der den eine hadde bilete av ein ung, krøllete Emil :-) (Meir nydeleg sjokolade finn du hos Cocho Plasir i Brattvågen)

Nokre ord frå Mamma fekk Emil også med seg på vegen. Ikkje heilt etter Konfirmanten sine ordre, rett nok, men trur han tok dei til seg likevel :-)



Nokre av gjestane :-)
Kjekt å sjå dokke alle saman!




Fotografen er truleg inne i ei periode der det er "portrett" som er i støtet...
Her er det ulike innstillingar som har blitt testa ut..




Fleire av helgas "knips"...


TUSEN TAKK for ein flott dag!
Er veldig glad i deg, Emil :-)


Klem frå TanteT

Konfirmasjonen til Emil

1. påskedag var vi inviterte til Konfirmasjonen til Emil.
Det vart ein fin dag, med koseleg selskap og høgtid i kyrkja, innramma av eit flott vårvèr.
Og mykje god mat....



Her er konfirmanten mellom to stolte foreldre ;-)


Emil var den einaste konfirmanten i Fjørtoft Kyrkje dette året. Koseleg var det at det samstundes var barnedåp.



Så var det tid for den obligatoriske "opptellinga"...
Ser retteleg nøgd ut, nykonfirmanten ;-) ;-)

Litt påske...

Sidan påska i år var prega av litt sjukdom, har vi ikkje så mange bilete frå fridagane..

Men Langfredagen var vi friskmelde alle saman, og reiste inn til Tante Berit og Onkel Roar, som inviterte til kaffi (.. er vel ikkje så leie å be, då nei... ;-)



Kjekt å få treffe både gjengen frå Stavanger og Synnaland :-)




Trur også Farmor/Mormor/Oldemor Astrid kosa seg med å ha så mange av sine rundt seg!

mandag 5. april 2010

Gratulerer!



Idag er det verdens beste Pappa og Morfar som fyller år!

Vi feirer dagen saman med han på Fjørtofta, mest sannsynleg med litt kakerestar frå igår ;-)

Gratulerer med dagen, vi er svært glade i deg!

fredag 2. april 2010

HIPP HURRA!

Hipp hurra for storebroren min som fyller år idag!


Verdas beste storebror har bursdag idag, 2. april.
Reknar med han er travelt oppteken med å lage til konfirmasjonen på søndag, eller er alt under kontroll ;-) ?
Bursdagsklem skal du i alle fall få når vi kjem "heim att" !

Storejenta mi !

I samband med at Haramsøy Skule feira 50 år rett før påske, skulle elevane stille i tidsriktige kle til programmet sitt. Ikkje lett å skulle trylle fram slikt "ut av intet", men trur vi traff nokolunde med dette...


Skjørt og genser har eg sjølv brukt når eg var på same alder (- som Oda altså, ikkje skulen...!)
Og synest kanskje ho vart litt lik meg også :-)
Fin er ho uansett, storejenta mi!
Dessverre vart det berre Bent og Lone som fekk delta på festen og feiringa. Eg og Andrine låg på sofaen med pledd.... :-(

Påskesyssel...

Sidan det hittil denne påska har gått ein del i "snufs&host", har vi vore nøydd til å variere litt på inneaktivitetane... Vi kan vel innrømme at påska stort sett har vore redda av NRKSuper og Disney, men litt fornuftige aktivitetar har vi no fått til :-)

Her er det måling av finer-egg. I skrivande stund er ikkje alle blitt ferdige, men skal prøve å få resultata dokumenterte når alt er ferdig.

Ps: Hadde eigentleg ikkje lov til å ta bilete av Oda med "påske-hatten" sin, men klarte ikkje å la vere... ;-)