søndag 28. juni 2009

Nokre nye "skudd"..

Etter festen på Rogne måtte vi sjølvsagt ta runda for å helse heim att :-)
Og slik ser verdas flottaste øy ut ein fineverskveld (Heilt objektivt sagt..)


Og sidan begge jentene somna i baksetet på veg heim, var det berre å nytte høvet til å ta nokre nye bilete ut gjennom bilvindauget:







Neste gong skal eg prøve å gå ut av bilen...


Hektisk dag!!

Fredag var ein hektisk dag...
Vi starta først med Sommarfest på Haramsøy Barnehage. Der brukar dei å ha karneval, og Andrine var (som mange andre..) prinsesse/alv/fe :-) Dei hadde ei sjarmerande framvisning av nokre bevegelses-songar. Tok nokre filmsnuttar, men dei har eg dessverre ikkje lov til å legge ut på nettet..
Og etter ei lita aktivitetsløype, var det klart for is og pølser i "kiosken", og kaffi og kaker for dei vaksne.


Når vi kom heim att etter festen, fann vi ut at vi var "vasslause"!! Og det på ein dag der gradestokken var godt over 20-talet! Heldigvis var Andrine att i bhg (for å sove middag!). Vi andre fann ut at stranda måtte vere ein betre plass å vere, så då sette vi kursen for Storbåthamna. Rakk heldigvis ein god time med avkjøling, før floa kom og tok det siste av sanden :-)




Og dagen fortsatte med "festing"..
På kvelden var det Jonsokfest på Framtun på Rogne, og dit drog vi største jentene (Pappa Bent kom heldigvis tidsnok heim att frå jobb slik at han kunne passe Lone). I år hadde barnegruppa eit stykke som heitte "Bergtekne i Dovregubbens Hall" (trur eg det var, ja..), så det inneheldt både nissar og troll, og fin sang. Rett flinke, var dei! Både store og små gjer ein framifrå innsats :-)



Etter framføringa var det mat, tombola og discotek. Og sjølvsagt bålbrenning!
Måtte berre ha med bilete av det flotte jonsok-brudeparet og. Ein flott tradisjon!

Men veka har vore hektisk med mange avslutningar og festar (Kvar einaste dag!!), så vi fann ut at discoteket fekk gå føre seg utan oss i år..
Kjem sterkare tilbake neste år!


Sommarfest på Longva

Torsdag var det Sommarfest på Longva Barnehage, der Lone har gått sidan januar.
Og sommarfestane der trur eg ikkje er som vanlege barnehagefestar.. Der diska dei opp med "koldtbord", kaffi og kaker. Det var underhaldning av barna, lynlotteri og mange som kosa seg på den flotte altanen dei har der borte :-) Så for ein grei sum, tok vi like godt middagen der den dagen!

Temaet dei har jobba med dette året, har vore Hakkebakkeskogen. Så med litt hjelp av smukken og mamma, fekk Lone "bli med" på framføringa av nokre av historiene dei har jobba med.

torsdag 25. juni 2009

Sorry Telenor....

Sidan i haust har det lagt ei telefonledning over plenen vår.

Det har vore litt telefonproblem i nabolaget vårt, og som ei naudløysing, kom det i haust ein mann som spurde om det var greitt at dei la ei mellombels (!) ledning over plenen vår. Denne skulle fjernast til våren...

Greitt nok det, men våren kom, og graset tok til å gro... Og ingen mann kom for å fjerne ledninga. Resultatet har vore at eg har drive å flytta ledninga når eg har klipt plenen - ikkje heilt utan fy-ord...

Dette har no eigentleg gått bra det, heilt til idag!!! Skulle no berre ta ei rask sving med klipparen.. Nesten ferdig og greier...

Ja, resultatet ser dokke under:



Så er det nokon i nabolaget som er utan telefon, kan dokke sikkert skulde på meg og plenklipparen min..! Telenor er varsla, så eg håper nokon kjem for å ordne opp i ledningskrøllet..

(Det som mangla no, er at nokon kjem og fortel at ledninga ikkje har vore i bruk på lenge.. Det hadde i so fall vore typisk!)

For dei som skulle lure, eg vart ferdig med plenen :-)
Etter ein liten leiteaksjon etter rett skiftenøkkel (-lite orden i sy-sakene, dine Bent!), og ledninga gjekk fri :-)





Må ha med eit lite bonusbilete av to gode naboar som kosa seg i sommarveret idag :-)
Kjekt med skulefri! (og utan innblanding av små-søsken..)


Kvelden i kveld...

Ikveld har eg vore på sommaravslutning for personalet på Flem Skule.
Kjekk kveld med mykje god mat og prat.

Hadde sjølvsagt med fotoapparat, og på veg heim knipsa eg blant anna desse ut gjennom bilvindauget... (Neida, treng ikkje gå så langt, nei...)







Dagen idag..

Idag har vi endeleg hatt sommar-temperaturar, og dette "feira" vi med å ta ut badebassenget :-)
Jentene var super-fornøgde, sjølv om mor synest dei kunne ha bada litt meir for alt bryderiet (Først blåse opp 3 ringar i bassenget -utan pumpe, så vaske, deretter bere x antal liter vatn ut på altanen i bøtte...) Håper dei får bade i morgon også!! ;-)

Og så måtte vi "kjøle" oss ned med ein is..
Det er veldig viktig på varme dagar :-)

tirsdag 23. juni 2009

Jonsokfeiring

Idag har det vore full arbeids- og barnehagedag på alle mann, så jonsok vart feira med å plante litt i hagen..
Grilling og bålkos får vi ta att når vi har fått sove litt ;-)

Så då får vi heller publisere nokre bilete frå Fjørtoftshelga vår:
(Ikkje alt i rett rekkjefølgje..)














mandag 22. juni 2009

Sommaravslutning

I helga var vi på Fjørtofta og tjuvstarta på Jonsokfeiringa. Bilete derifrå kjem seinare :-)

Ikveld var vi på sommaravslutning på Haramsøy skule, der Oda no er ferdig med sitt aller første skuleår.. Huff som tida går!! Berre ein sommarferie unna, så er store-jenta vår 2. klassing!

Alle stega bidrog med underhaldning på scena, før 10. klasse takka for seg og fekk utdelt vitnemål. Etterpå var det kaffi og kaker på klasseromma, og disco i salen.
1. - 4. klasse hadde eit innslag inspirert av High School Musical, midt i blinken for Oda. Ho er ikkje av den typen som er særleg frampå ndg slike ting, så berre det å stå på scena og danse, er eit stort framsteg (Oda tek det att på heimebane i fullt monn). Og flinke var dei!!


Det vart ikkje så mykje dansing på jentene. Oda synest musikken var altfor høg, noko eg må seie meg enig i. Men Andrine "vasa" seg på scena, og fekk lufta seg eit par runder der...

Vi prøvde å ta "tidleg" kveld, sidan det er jobb og barnehage på alle mann i morgon. Men dette var starten på den store Sommarfest-veka. Resten av dagane denne veka, skal vi ha sommaravslutning "alle dei andre plassane" vi er innom i løpet av ei veke...
Det blir nok meir is og brus denne veka, ja ;-)

(Ps: Fekk eit lite deja-vu under ein lysbilete-serie 10. klasse viste ikveld... For 10 år sidan hadde eg gjengen frå Longva nokre timar som elevar!! Og eg huskar dei svært godt som 1.klassingar :-) Artig!!)

lørdag 20. juni 2009

Gratulerer!


Idag gratulerer vi Tante Randi med.... 39 års dagen!
Hipp hurra for "tantisen" vår!
Dessverre fann vi ikkje noko bilete i farta, det ordnar vi når vi kjem susande over fjorden seinare idag ;-)

tirsdag 16. juni 2009

No går det så det susar!!

Biletet lyg ikkje - Lone har funne ut at det går an å gå åleine..!!
Men å seie at det går så det susar, er vel kanskje å ta litt hardt i... ;-)

Men "pysemusa" vår nærmar seg å bli ei "tøffelina", så no forventar vi store framsteg dei næraste dagane (.. forhåpentlegvis)

Nattmat!

Måndagskvelden, litt over halv 10, då eg kom heim att frå eit møte, hadde Bent funne ut at han skulle bake brød...!! Spurde han om han visste kva klokka var, og det gjorde han..
Så etter litt smugtitting i diverse kokebøker, og super-elte-maskina til MorAstrid, stod brøda til heving :-)

I skrivande stund duftar det godt i kjøkkenet her i heimen, og mannen har teke til på ryddinga.
Trur det er lurt å finne køya...
.... men eg gler meg til frokost :-) :-)

mandag 15. juni 2009

Hmmm....

Andrine er ei ung dame med høgt aktivitetsnivå, og svært taletrengt... ;-) Ho held oss i farta med påfunna sine, og her ein dag var det utforsking av kjøkkenbenken som stod for tur. Barnehagerekninga har nettopp komen, og (sjølvsagt) enno ikkje rydda på plass.. Dette førte til at eg fann den att på kjøkkenbordet slik...


Om det var ein reaksjon på eit dårleg barnehagetilbod (foreldra deler IKKJE det synet, i alle fall!), eller frustrasjon over barnehageprisane, skal vere usagt..
Lærdommen vart uansett: Greitt med litt rydding av og til!!

fredag 12. juni 2009

Sååå trøtt....

Onsdag hadde vi jentene som får lov til det, ein lang frokost med barne-tv. Så fann vi ut at vi skulle trille til barnehagen med Andrine. Den turen gjekk i Andrine-tempo, og når vi i tillegg var innom skulen på veg til bhg, og butikken på veg heim, vart det seint før vi kom oss heim. I tillegg traff vi Hedda og mamma'n på bhg, så vi brukte litt tid der også..

Så når vi kom heim, var Lone veeeldig trøtt. Etter kun nokre få matbitar, enda det slik......

onsdag 10. juni 2009

Helga vår...

I helga som var, fekk eg prøve meg som "åleinemor" ;-) Torsdag reiste Bent til Riga på "business and pleasure"-tur, mest "pleasure" kan eg tenkje meg...
Så då måtte eg leite fram eit par bøtter med tolmodigheit, og krysse fingrane for at ingen skulle bli sjuk denne helga (-for det hadde no vore rett så typisk!!)
Men alt gjekk over forventning :-) Kjekke ungar og fint ver gjorde at vi fekk ei fin helg, vi også. Og så er det så kjekt å ha ei store-jente som heiter Oda, som trør til å hjelper med små søstrene :-))

Så her kjem det ei kort oppsummering av helga:
(Om det kjem ei oppsummering frå Riga, er vel heller tvilsomt... Eg sendte med han fotoapparat, men ingen fotograf..)


Takk for ein fin fredagskveld, damer! Eg set stor pris på dokke :-)

Laurdag hadde vi først besøk av Andrea, før vi var på besøk hos Farmor.
Oda var kjempeflink til å leike seg med A&A (Andrine og Andrea), ho ordna ut og la til rette! Trur dei hadde det veldig kjekt, alle 3 :-)

Søndag var vi på Longva på turnering (- i kald nordavind..) Sidan vi enno har spelar kun på sidelinja, fekk vi ta bilete av ein gjeng med Mariekjeks-pause. Ikkje like lett å få alle til å sjå på fotografen samstundes, nei... Det er Kasper, Lone og Celine, alle 1 år i løpet av -09.


Etter turneringa på søndag, vart Margrethe med heim. Då var det å finne seg ei lun krå på altanen, og å ete ein tidleg kvelds der..
(Kommandoen på dette biletet: "Får eg eit fint smil no, skal dokke få kjeks etterpå..!!" -Det vart kjeks....)



torsdag 4. juni 2009

"Kom mai du skjønne, milde..."

Slik såg hage-prosjektet mitt ut no ikveld...
Der det skulle vere fullt av småe, grøne grasspirer, var det istaden eit lett lag med HAGL!!!! Gradestokken viser i skrivande stund 4 grader, og eg lurer på om eg skal leite fram ullkle til ungane i morgon...

Upps....

Ikveld "misste" vi Lone på vegen mellom kjøkkenet og badet..
Luremusa vår hadde fått opp døra til wc'en og sat der og kosa seg med nokre meter toalettpapir...
Gjett om ho var rask til å stikke ut att på gangen!

Så rask at fotografen ikkje rakk å få med seg "beviset på åstaden..." ;-)

mandag 1. juni 2009

Resten av pinse-helga!

Heldigvis så fekk vi litt finever resten av helga også..
Søndag prøvde vi å grille, men når vi endeleg var klar for grilling, hadde det blitt både overskya og kjøleg ute. Då vart det grilling ute, og eting inne... ;-)

Bent har hatt eit prosjekt med vasking og smørjing av utebordet vårt. Men ungane syntest at det ikkje gjorde noko at bordplata var vekke, istaden vart det ei koseleg hytte.
(Og seinare kom Dada opp med nybakte bollar, det kallar vi sørvis :-)


Måndag arrangerte HIL Øyamarsj, og då måtte vi sjølvsagt vise vår spreke side. Bent og store-jentene sykla inn til Kraftverket, og tok løypa ut til Håneset. Mor og Lone hadde seg ein trilletur opp i byggefeltet på Austnes. Ein kraftig forkjølelse gjorde at mor tok det litt roleg.. ;-) Men til gjengjeld tok vi nokre ekstra stikkvegar, så om nokon observerte ei barnevogn humpande over ein plen, ja - så var det vi!!
Her er Oda, sveitt og godt nøgd med å ha hatt sin lengste sykkeltur nokonsinne. Det einaste vi kan klage på, er litt for vanskelege spørsmål ;-) Neste gong kan dei gjerne lage noko som ungane klarer å svare på...


Andrine syntest at turen vart litt for lang, og somna det siste stykket... Men litt saft og ein vaffel gjorde susen, slik at det var greitt å vakne likevel :-)



Må ha med eit bilete av Lone, som har funne ut at ho rekk opp til kommoden der telefonen står..
Det blir nok mange "saklege" samtaler framover!! (Eller ein ny plass for telefonen..)