torsdag 29. desember 2011

Fjørtoftstur... forts....

Ikkje heilt venn med opplastningsprogrammet på bloggen idag, nei...

Del 3 av Fjørtoftsturen:


Lone synest at Onkel Ottar er litt "korka"  ;-))


Etter den 4. ferjeturen vår denne dagen, vart vi belønna med ein nydeleg solnedgang.
Rakk ikkje å forevige den før Skjelte-kaia (-det er alltids ei ferje å nå!), men flott var den heilt på "tampen" også.


Fjørtoftstur... forts...


Butikken min.
Her fekk eg sjølv lov til å skrive opp varene eg skulle handle til mamma, i boka vår. Her fekk eg lov til å prise varer. Og så kose litt med Aina som låg på trappa framfor døra...
Han Oddvar var snill, han!


Kjekt med sykkel, ja!


Pappa'n min !


Fjørtoftstur

I slutten av september rakk vi ein liten Fjørtoftstur.
Pga tull med opplastinga, kjem bileta dessverre litt hulter til bulter...   :-(


"Nabolaget" mitt


Studie av postkassene.
Hmm.. Desse bokstavane har eg sett før...


Har teke imot nokre brev, denne her..


Kjekt å ha med sykkelen - flate vegar og lite trafikk :-)

onsdag 28. desember 2011

Besøk hos Farmor


Etter at farmor hadde seg eit fall på kjøkkengolvet tidlegare i sommar, vart det nokre veker både på sjukehus og på rehabilitering for henne.
Her er frå nokre besøk frå då ho var i Brattvågen på sjukeheimen der.


Det gjeld å finne seg til rette den stunda ein er på besøk, det synest i alle fall Lone  ;-)

Haust 2011


Det har heldigvis blitt nokre fine haustdagar i 2011. Så vidt eg huskar har det vore ganske mildt også.. Her har vi vore på skuleplassen å leika oss :-)


Det har vore lite fotografering på meg i haust, lite tid til å utforske og lære.. Det blir mest knipsing på Auto-funksjonen ;-)   Har ikkje makro-linse, men nærbilete er spennande!



Fine haustdagar gjorde at vi eeeendeleg fekk måla frå oss eine endeveggen på huset vårt. Sommartid = jobbetid for Bent, så vi har faktisk brukt 2 (!) somrar på å bli ferdig. Denne sommaren hadde vi ikkje veret på vår side heller, slik at det er sagt..
 Endeleg vart vi ferdige, men med vårt tempo, så kjem vi vel "rundt" i løpet av ei 10 års-periode...

(Sjekk målar-antrekket, då!!  Hihi, ser ut som ein avdanka popsangar frå 80-talet!  ;-)



Har her vore ute for å forevige hausten, nærbilete er fortsatt gøy :-)

Haust 2011

Hausten startar med bursdagsfeiringar i Familien Ottaus.


Først ute er Andrine. Ho fekk feire med skikkeleg jenteselskap, med pølser brus, kake og muffins. Og ikkje for å gløyme skattejakt!  :-)


Midt i all feiringa, "snik" det seg inn noko som heiter Hano-dagar... Vi veit vi må konkurrere med dette kvart år, så då har vi like godt lagt inn litt familieselskap same helga, for dei som har tid til å stikke innom.
Her er det Emil som stikk innom for å ete litt kake :-)


Og jammen har vi ikkje fått med Tante Randi også!!  ;-)


 Oda måtte feire dagen sin litt på etterskot i år, men då kunne vi til gjengjeld legge det til ein fredag, og invitere til Film- og Pizzaparty.

mandag 12. desember 2011

Sommaren tek til å bli haust...

Så ser det ut til at sommaren har gått over til tidleg haust.

Heldigvis fekk vi "drøye" sommaren litt til, med nokre fine varme dagar  :-)


To kjekke jenter, som har kjent kvarandre sidan 3 års alderen.
(Du verda, som tida flyg!!)


Her er det Andrine som har venninne-besøk.
Av måten dei ligg på, er det nok ein film som står på plakaten  ;-)


Hausten starta tidleg med sjukdom både hos Andrine og mor i huset...
Andrine tok første stikk, mor kom like etter. Den dagen mor måtte halde senga, måtte Lone og Andrine fint gå til bhg sjølv. Sidan det var litt småregn i lufta på morgonen, vart det på med både dress og støvlar. Etter at mor hadde fått bekrefta frå bhg at jentene var vel framme, vart det soving i nokre timar...
Det høyrer med til historia at når mor vakna, var det strålandes solskin og 20 grader ute!! Og jentene vart sendt til bhg i cherrox!!
Jaja...


Her har vi hatt besøk av nydlege Hannah.


Og her har vi Lone i vinden.
Ganske så nydeleg ho også  ;-)


Litt sommar likevel... ?

Sommaren 2011 står i minnet som ein grå, kaldt og fuktig sommar.
Men når eg hadde ein gjennomgang på bileta frå sommaren, var der nokre solskinnsbilete som dukka opp :-)

Så enten har kameraet vore framme kun på fineversdagar, eller så har vi faktisk hatt litt sommar likevel  ;-)



To damer som liker å vere i rampelyset!!


Her har jentene laga seg ute-restaurant.
Nugatti-brødskiver og appelsinjuice!


"Badebalja" vår har faktisk blitt brukt fleire gongar!
(... har fylt ein del varmevatn i...)


Og vi har grilla på altanen!


Sola tek til å bli lav, men temperaturen verkar grei likevel  ;-)


Vi har til og med "bala" med å ta fram Racletten...

Heilt utan sommar har vi nok ikkje vore likevel ;-)

tirsdag 6. desember 2011

Vårt flotte 3-kløver!


Her er dei flotte jentene mine!!

Dykk i bilde-arkivet...

Her på bloggen har vi fortsatt sommar...

I august har Mormor bursdag, og då måtte vi ha nok ein Fjørtoftstur :-)


Her har vi Andrine saman med bursdagsbarnet

Her er Oda og Mormor, på favorittplassen til Mormor - på trappa i skugge for sola ;-)


 Fleire som kosar seg med is, ser eg  ;-)


Her kjem nokre bilete frå hagen til Mormor...


Løytnantshjerte, ein av mine favorittar!




"Gyda-blomster"  :-)




Ein av favorittane hos Familien Otterlei Austnes, er Mormor-saft. Denne er laga med omtanke og kjærleik, og er heilt utan E-stoff!!
Intensjonen her var å hjelpe Mormor med bærplukkinga, slik at vi kunne drikke saft med godt samvit. Men det var jammen bra eg var tidleg ute med kameraet, for bærplukkarkarriera var kortvarig!!!


Sidan Mormor hadde bursdag, måtte vi lage det til litt fint  denne dagen...

Mormor måtte sjølvsagt ned på vegen for å inspisere kunstverket  ;-)


Så om nokon skulle vere i tvil - Mormor hadde bursdag denne dagen!