søndag 30. november 2008



Her har vi Oda, som vart skulejente no i august -08. Kjekk jente med sans for duppedittar og dilldall.. Til mors store fortvilelse! Plutseleg har ho flytta heile arsenalet sitt med vesker, kasser og plastposer enten ut på gangen eller i ei ledig krå på stua!! Og der blir det gjerne verande eit par dagar, for det er så utruleg viktig det ho held på med... Der kan ho sitje med småe lappar, skriblande i ei notisbok eller å leggje utover småting, mest sannsynleg i eit system med mål og meining...

Sjølv om ho av og til synest at småsøstre kan vere utruleg travle, er ho kjempeflink til å ta seg av dei. Innimellom litt krangling, er ho raus med storesøster-klemmane :)

Så bra at du er store-jenta mi, Oda!


Her er jentene mine, 3 flotte jenter på o, 2 og 6 år. (Det var dette biletet eg fann i farta, eit frå våren -08, ikkje alle like vellukka her, nei..) Det blir nok ein del bilder framover, med lite fornuftig tekst.. Her skal det øvast!!

Eeendeleg fekk eg summa meg til å opprette ein blogg, no er det ikkje lenger berre prat!!
Håper dette kan vere ein måte til at familie og vener rundt om i landet kan få følgje med korleis det står til med oss.. Frå den 27.november er "oss" familien Otterlei Austnes. Då fekk vi offisielt same etternamn.
Sidan eg ikkje er kjend for å vere ein kløppar på data, vil det nok ta litt tid med prøving og feiling før det blir "dreis" over dette. Ha tolmod! :)