onsdag 16. november 2011

Lilje

I sommar skulle vi ta det steget å prøve oss som "katte-eigarar".
Jentene har vore generelt skeptiske til dyr, men hadde veldig lyst til å bli kjent med sin eigen pus. Håpet var at dei skulle vekse litt med erfaringa, og med det bli mindre redde for dyr.


Inne i Brattvågen venta det på oss ein søt og kosete liten pus. Reinsleg og van med ungar. Eigentleg heilt perfekt!
Etter nokre dagar med førebuing med korleis det er å ha katt, kom den reisande over fjorden :-)
 Namnet vart Lilje, etter nokre runder med diskusjon over middagsbordet (Trur alle jentenamna både i bhg og i alle prinsesse-filmane vart foreslått!!)


Andrine var den som var mest "tøff" og kosete med katten. Pusen slo seg raskt til ro, både i kosestolen som var reservert , og på nypleddet til mor  ;-)
Men allereie same kvelden, kom det snikande ein liten mistanke om at enden på visa ikkje ville verte av den beste...
Andrine vart så merkeleg forkjøla....



Jaudå...
Andrine vakna opp neste morgon, og vart i løpet av dagen både meir "forkjøla", og raud i augene.
Ut på kvelden vart ho såpass tett i brystet at vi måtte ringe Legevakta  :-(

Vi var visst ikkje egna som "kattefamilie" likevel..

Oda og Andrine var mest lei seg (i tillegg til mamma'n), medan Lone synest det var greitt, då den heile tida ville "ta" leikene hennar :-)
Det var ei stille forsamling som reiste innover til Brattvågen etter 2 døgn som katte-eigarar. Heldigvis fekk den komme innatt til kattemamma'n og kattesøstera si, så det vart ein "happy-ending" likevel :-)

Så no har vi huset fullt av allergi-medisin, både spray, dråpar og tablettar.. 
Jaja, vi vart no ei erfaring rikare på eitt vis!