lørdag 28. februar 2009

Opp og fram... -litt om senn...

Lone har lenge vore ein "rumpe-akar", og har vore godt fornøgd med det. Ho kjem seg dit ho vil, og det med eit bra tempo også... Men i det siste har ho teke til å krype (-den første av våre som kryp før ho går!), i tillegg til å røyse seg opp på kne:-) Men fortsatt har ho enno ikkje forstått dette med å bevege føtene sine.. Ho kjem seg no fram uansett!

Men gåvogna har teke til å bli interessant.
-Hmm, korleis skal eg handtere denne tru...?

-Sjå her, folkens! Eg trur eg tek til å få tak på det... ;-)

- Er det rette vegen dette, tru..? Kanskje eg skal prøve meg litt meir opp og fram..?

-Nei, forresten, eg trur eg held meg til dette som eg kan.. Tryggast det, og eg kjem meg no fram på denne måten og :-)



fredag 27. februar 2009

Vinterferie! (første del..)

Denne veka har det vore vinterferie her på sunnmøre, og sidan det ikkje vart jobbedagar på mor, har vi hatt mange dagar å kose oss på :-)
Måndagen gjekk med til bytur (Andrine på røngten + shopping!). Tirsdagen vart det bhg på dei to minste, medan Oda og mor gjorde husarbeid og jobba litt på NL. På ettermiddagen kom Malin ein tur. Jentene leika seg flott ilag, til og med Lone synest det var stas med besøk :-)

-Ta eit bilde av oss, då, til å ha på bloggen!!
Prøvde å ta bilete av dei då dei dansa og sang til ABBA, men det var tøysebiletet som skulle bloggast..
Så herved er oppdraget utført ;-)

Søndagsturen....

Som sagt, litt lite bloggtid for tida... Det blir vel litt i rykk og napp framover.
Men må legge inn nokre bilete frå turen Bent og jentene (dei to største..) hadde på søndag. Mor hadde sofaen full av kle, og hadde behov for litt husmor-tid heilt åleine. Så når Lone søv ute, vart dei andre beordra ut for lufting, dei også.
Her er resultatet:

Turen gjekk til skogen rett ovanfor huset vårt. Ved fjellfoten der er det mykje rart å sjå. Kanskje best vintertid, for hjorten likar seg også godt der, og tek med seg flåtten...
Her er Oda ved eit av trea som har fått gjennomgått ved ein av stormane no i vinter. Treet hadde kløyvd seg ved rota og eit stykke oppover!



Her er eit tre som har lagt seg overende... Om ein ser opp mot toppen av treet, ser ein at hjorten har vore på plass og gnaga det godt reint. Frå huset vårt ser vi fleire tre som lyser opp mot den mørke skogen.. Hjorten har nok hatt fleire gode måltid her, ja :-)

Kjekspause høyrer med! Har her funne litt av snøen som ligg att ved fjellfoten.
-og mor fekk unna litt av kleshaugen... Så lenge det varte....

lørdag 21. februar 2009

Utfordring... (long time ago!)

Fekk for ei stund sidan ei utfordring frå Stine om å vise mine Kjøkkenfavoritter.. Sidan det er lite blogg-tid for tida, har dette blitt nedprioritert. Men bileta har lagt på maskina, så det er no litt "synd" å ikkje bruke dei... Det er vel ikkje bilete som vanlegvis kjem i ein album... ;-)

Sidan eg ikkje er ein kløppar bak bakebenken (-skapt eit nytt uttrykk, der ja!), så har eg ikkje så mange klare favorittar i kjøkkenskapa. Skulle eg nemne noko, må det vere handmiksaren, med både visp og småe eltekrokar. Kan brukast til alt....
Istadenfor kjøkkenredskap, kan eg vise andre favorittar:

Te-skrinet er ei av brullaupsgåvene våre, dette fekk vi av Elisabeth og Stein. Har plass til mykje, og svært enkelt og dekorativt når det kjem gjestar. Ein må berre hugse å fylle på etter at gjestane har gått... Betyr mykje for meg pga av symbolikken, eg og Elisabeth har drukke mange tekoppar saman :-)


Brevordnaren frå Kari Trestakk er eg også glad i. Har i dei seinare åra blitt utvida med ei lita korg.. Kan til tider bli mykje rot på vår kjøkkenbenk!! -Og ja, eg hadde rydda for anledninga ;-) Dessverre varte det så altfor kort..

Har lært at knivar ikkje skal ligge i kjøkkenskuffa, då dei blir raskare "sløve". Så då vi fekk nye kjøkkenknivar til brullaupet, kjøpte eg "knife-dots". Synest at magnet-skinner ol. fort kan bli for synlege, desse er ein mellomting som eg synest kan gå på vårt kjøkken.. Ganske enkelt magnetar som blir skjult av kniv-bladet, slik at knivane "svevar" i lufta.



To fluer i en smekk! Vannkoker og oppvaskmaskin.. I bruk kvar dag! Hadde neppe klart meg utan ;-)

Data-benken og/eller avlastningsbenk og/eller rotebenk!
Bent laga ganske tidleg ein data-benk på kjøkkenet av skåper i same type som kjøkkeninnreiinga. Denne blir brukt til alt mogleg, mest til rot dessverre... Det beste med denne er at vi har tv på dataskjermen, ganske greitt når vi skal ha ungane til å sitje stille ved matbordet, medan vi vaksne svinsar rundt om kring og ordnar andre ting.. (Grøss, dette vart lite pedagogisk, du..)
Dette vart ein liten smakebit av mitt kjøkken. Sender vidare til Randi (Kvit Rose) fordi ho er flink både på mat og interiør, og til Elisabeth (Aldri Attletlaus) fordi eg er litt nysgjerrig på kjøkkenet hennar ;-)




Veka som gjekk...

Det blir litt lite blogg-tid for tida, det merkast at mor er i arbeid att, og at veka elles har vore fullpakka.. Men her er noko av det vi fyllt veka vår med :-)

Måndag hadde vi dessert (is) etter middagen.. Kvar vart det av nyttårsfortsetta!?!
Dårleg/god start på veka, alt etter korleis ein ser det ;-)


Tirsdag er turdag for Andrine i bhg, og då er det av og til ho hoppar over "luren" sin på dagtid. Så etter ein lang dag med mykje frisk luft, somna ho i bilen på veg heim frå bhg. Og ikkje nok med det, når Andrine skulle skulle sjå barne-tv med smukken i munnen, vart det litt for tungt å halde seg vaken...


Onsdag etter middag gjekk Oda og Bent ut for å prøve skia på siste rest av snøen.. Det var nok fortsatt ein 20-30 cm med snø på marka, sjølv om det var vått. Så litt skigåing vart det før frustrasjonen tok overhand...

Innandørs hadde mor og dei andre jentene ein liten "slosskamp"... Vi kan vel seie at det vart 1-0 til jentene ;-)
Det må også nemnast at Trine hadde ein lokal "spa-dag" på onsdag. Først trilla vi innover til fysioen, fekk trena godt, før vi trilla heim att. Etterpå hadde vi ein time hos Beate på fotklinikken, noko som kan anbefalast på det sterkaste! Til slutt stod det ein time med solarium på ynskjelista, men det vart det dessverre ikkje tid til.. Men det tek vi att :-)
Torsdag var det "ball-dag" på Bistroen (-det blir slik når det er far i huset som skal bestemme middagen;-). Når vi kom heim, fekk Andrine eit matt drag over augene - feber! Så det vart mor og Oda som fekk dra på HUSK Grand Prix på skulen den kvelden.
Så fredag vart det ikkje bhg på Andrine, men ein heime-og-kose-dag. Og då er det rundstykker til lunsj - nammis!




søndag 15. februar 2009

Helga!

Denne helga har vore innhaldsrik hos familien Otterlei Austnes. Og variert... No er vi klar for ei "roleg" veke, berre med jobb, skule og bhg ;-)

Laurdag var Oda i selskap hos Malin på Leikeland, og Bent hadde jobbe-laurdag. Så då måtte vi andre finne på noko sjølve. Sidan det fortsatt snøa, så sa det seg sjølv kva vi måtte gjere.. Snømåking! Men snøen hadde teke til å bli litt tung og umedgjerleg, så den innsatsen vart kortvarig. Men Andrine gjorde eit godt førsøk på å få vekk litt snø...

Så istaden for å måke snø, fann vi på noko som var litt meir artig: Aketur saman med Dada og Andrea! Vi hamna oppe på gangvegen ved skulen, ikkje lett å finne gode bakkar der snøen er ferdig "preparert" (Av og til er det faktisk for mykje snø til aking..) Og sidan Trine måtte drage vogn gjennom all snøen, var det Dada som for det meste drog jentene.. -Jaja, Dada, det vart no bra trim på deg i alle fall ;-)
Seinare på kvelden "ofra" vi Grand Prix til fordel for konsert med Nordøyane Storband og koret "Frisk Bris". Eit godt bytte, spør du meg! Det var nok fleire som kunne ha gjort det valget...
Oda var eigentleg sliten etter ein dag på farten, men konsert ville ho bli med på! Godt det var bra med trøkk i musikken av og til, elles så hadde ho nok dubba av .. ;-)


Søndag arrangerte HIL skidag, og det måtte vi sjølvsagt ha med oss (sølv om det var berre 2 som stilte med ski..)
Oda og Bent fekk på seg startnummer og la i veg. Oda har ikkje skigåing som sin favoritt-aktivitet, så litt "pushing" måtte til.. (på biletet trur eg jammen dei held på å bli forbigått!!)

Sjølv om ikkje heile løypa vart gått, vanka det heldigvis diplom ettepå... Andrine og mamma var litt i akebakken, men litt ujamne og humpete forhold gjorde at Andrine ikkje synest det var så stor-svært..

Men det som er det viktigaste å blogge om, er at Trine har gått på ski i helga!!! Om ein ikkje skal rekne med dei metrane som vart gått den vinteren eg gjekk gravid med Lone (- på Bent sine ski, og med altfor store sko..), så er det over 15 år sian sist eg har hatt ski på beina :0) Men Dada lånte velvilleg vekk skia sine, så eg fekk gått ei lita runde.. Og eg trur eg kan seie eg fortsatt har æra i behald. Ingen fall, men Oda synest eg var litt "pinglete" ned bakken ;-) Så får vi sjå om det blir nye ski på Trine til neste snøfall..
Og etter eit par timar på ski, var det heim att for å få Oda reiseklar. Ho var nemleg invitert av ei av venninnene sine, Margrethe, til å bli med på kino. Dei skulle sjå "Bolt", og hadde ein flott tur til byen. Men det vart nok ein sein kveld ( i tillegg til at hurtigbåten var godt forseinka..), så til veka får vi prøve å kvile oss ut ;-)




lørdag 14. februar 2009

Valentin-bursdagsbarn!


Oda vil gjerne få gratulere venninna si, Malin, med bursdagen den 14. februar.
Håper jentene får ein kjekk tur til Leikeland!

fredag 13. februar 2009

Vinter - fortsatt!

Torsdag kom det endå meir snø...!!! Så etter jobb, skule og bhg, vart det kun brødskiver til middag. Etterpå bar det rett ut i snøen :-)
Eigentleg var det litt skigåing som var målet, men dei store snøhaugane frista meir.

Her er det mor sjølv som kosar seg. Ho var gira på å lage snøhytte, men kom seg ikkje så langt med det... Satsar på å bli ferdig i helga - berre snøen ligg så lenge... Men ei snølykt vart det no :-)

Oda kosa seg med snøhaugane, det vart både hus og "skli-baner"

Lone fekk også komme seg ut av vogna. Oda hadde laga stolar til heile gjengen, så ho sat både stødig og godt.
Det vart litt sein kvelds denne dagen, men sidan det var pølse & chips, gjekk det bra likevel ;-)
Det var 3 trøtte jenter som tok kvelden (litt seint, men..) denne dagen. Men det er ikkje kvart år vi kan kose oss med slike snømengder. Travelt med vinter... ;-)


onsdag 11. februar 2009

Snø og vinter!!

...Og idag har det snøa endå meir!!
Så idag har det vore snømåking.. Snømåkinga vår igår vart noko redusert, då Bent måtte på legevakta med Mor Astrid (God betring, Farmor! Dette går bra :-) Så idag hadde vi litt å ta fatt i, for å seie det slik.. Og så skulle vi ha arbeidsfolk i kjellaren, og eg skulle på fysioen til kl 10.. Klarer ein å få 3 stk ut gjennom dørene til rett tid, få Lone til å sove litt, måka slik at arbeidskarane fann kjellardøra, og rekke fysioen..? Jepp!! Det heiter teamwork ;-) Av og til kan saker og ting faktisk klaffe..

Det er sjeldan det kjem så mykje snø her ute i havgapet som det har gjort desse dagane.. Og eg synest det er heilt greitt! Berre så synd at erfaringar tilseier at det regnar snart vekk :-( Enn så lenge nyt eg dette veret (...kan styre meg for at det kjem så mykje på ein gong, då..)

Lone sat tolmodig i vogna medan mor handterte snøbrettet :-)
(Veit ikkje heilt om "gangesperra" imorgon blir av treninga eller snømåkinga.. Sveitt vart eg begge gongane, i alle fall..)

Godt og varmt var det i vogna også. Sikkert greitt å sitje der og kike på verda...


Skal tru kva dette er..? Rare greier...



mandag 9. februar 2009

Mandags blues...

Måndag skulle det eigentleg vere Lone sin dag, med 1 års kontroll på Helsestasjonen (inkludert vaksine, då men..) Andrine skulle berre bli med for å sjekke litt opp kvifor eine foten "peikar" meir ut enn den andre.. Resultatet vart at det var Andrine som fekk mest opp-sjekking!!
Ho var innom både Helsesøster og lege, og til og med fysioterapeut i Brattvågen.. Så dagen idag vart ikkje slik som planlagt.. Så no ventar vi på time på sjukehuset, og krysser fingrane om at alt kan gå seg til utan for mykje "styr"..

Sidan Andrine var tolmodig og grei, og fann seg i det meste, vanka det litt premie på henne før vi reiste heim (Prinsesse-drakt på Nille, veldig greitt med ein slik butikk der ein slepp å bruke halve lønninga på dill-dall...)
Oda hjelper til, sjølv om ho ikkje var heilt fornøgd med at det var Andrine som skulle få "alt" denne dagen..

Glad prinsesse ( eller "pinsesesse" som ho seier sjølv ;-) med ny drakt!
Er no søt då.. !!


Etter middagen kom fam. Milic på besøk. Måtte berre ha med eit av bileta av desse to trultene.. (kunne gjerne ha laga eige innlegg!)
Er dette den nye jente-duoen A&A? Vi ventar spent på fortsettelsen... ;-)
Heldigvis vart det ein god slutt på dagen :-) Takk for besøket!


Feiring av Lone sin 1 års dag :-)

Søndag hadde vi ei lita feiring av at Lone har nådd sin 1 års dag. Det verkar ikkje som om det er eit heilt år sidan vi fekk det litt travelt ut på morgonkvisten den 8. februar...
Dagen vart feira med besøk og kaker....

Andrine prøver iherdig at Lone skal ha på seg bursdagskrona si i meir enn 5 sekund..
Og var veldig flink til å synge... "gatulele me gagen.." ;-)


Lone og Farmor ser truleg noko artig...


Tante Lisbeth syntest at ein 1-åring kan ete Bamsemums... Jaja, så fekk ho det då ;-)
Gjett om det fall i smak!

Lite lys på stor kake.. Men neste år blir det dobbelt så mange! Og då treng du sikkert ikkje hjelp til å blåse ut heller..
Gla i deg, vesle-jenta vår :-)



Morsdagen...

Eg er nok ikkje av dei som bidreg til at handelsstanden auker omsetninga ved slike dagar som dette.. Ein blomster til mor og svigermor blir kjøpt, men det blir det også elles i året. Om vi har tid og høve, kan vi lage (eller kjøpe..) kake, men som regel så blir dette ein heilt vanleg søndag :-) Saknar verken diamantar eller ny morgenkåpe!!!

Men i år fekk eg noko som eg sette stooor pris på (-og klump i halsen...), nemleg mitt første morsdagskort! Oda hadde laga det på skulen, og var rett stolt då ho endeleg fekk gi meg det søndags morgonen.
Tusen takk Oda, er veldig glad i deg, store-jenta mi!



MAMMAEN MIN
Mamma du er snill
Mamma du er god
Mamma du er fin
Mamma eg er glad i deg
Frå Oda

(Trur eg likar morsdagen likevel, eg... ;-)

søndag 8. februar 2009

GRATULERER LILLE VENN !

Idag, søndag 8. februar, er det heile 1 år sidan Lone vart fødd.
- Som tida går!!
Vi gratulerer den store vesle-jenta vår med dagen. Dagen blir feira med litt besøk og kake :-)

(Biletet er frå feiringa på bhg. på torsdag. Fleire bilete kjem seinare..)

Vinterver!

Laurdag var det nok ein dag med strålandes vinterver :-) Når skal dette ta slutt!?

Før det slår om til mildver, måtte vi finne fram sparken og prøve den. Vi har nok hatt den i nokre år, men svært lite brukt. Men laurdag hadde vi kombinert trille/gå/sparketur heilt inn til ferjeleiet. Oda var ein "ræser" på spark!

Skia måtte også på... Fortsatt ikkje den store entusiasmen ndg ski-gåing, men eit par runder på plenen vart det no...

Og så høyrer det med ei kjeks-pause i solveggen :-) Treng ikkje gå så langt for å ha det koseleg!

tirsdag 3. februar 2009

Ojsann....

Eg var klar over at prisane på matvarer skulle auke, men fekk litt hakeslepp likevel på kor mykje det ville utgjere...

Her er dagens samanlikning på 1 liter lettmjølk:

23.12.08. kr. 12,90
02.02.09. kr. 14,50

Skal tru kva dette vil utgjere i løpet av det kommande året...

Er det andre som har andre "prisbomber" å presentere?

Dagens bursdagsbarn!

Familien Otterlei Austnes gratulerer så mykje til AnneLise i Stavanger, og til Petar i nabo-huset!
Håper begge fekk ein fortreffeleg dag med gratulasjonar og kake :-)



(Ikkje dei beste bileta, men det var dei eg fann i farta.. ;-)

ABBA-konsert!

Søndag var det tid for ABBA-konsert, der korpset med solistar stod for det musikalske, og elevar frå barneskulen stod i koret ("Barneskulekoret"). Det er 8. året dei har eit slikt samarbeid, og årets konsert trur eg måtte vere av dei beste. Knallbra konsert!

Skal ein synge ABBA må ein vere korrekt kledd.. Etter ein tur på loftet, og etter å ha sendt Anette på bytur etter sølv strømpebukse/thigts, vart Oda ganske fornøgd med antrekket. Det hjalp på at Anette sendte med armeband i same stil :-) Tusen takk, Anette!!!

-Ikkje heilt fornøgd med plassen og "selskapet", Oda...? ;-)

Sidan vi som vanleg ikkje klarer å komme tidsnok til å kapre dei beste plassane (på søndag var 20 min før start, altfor seint..), blir kamera-vinkelen så som så.. Men dette er betre enn utgangspunktet som var heilt bakerst i salen. Fam. Fjørtoft hadde nokre stolar ledige framme ved scena, heldigvis..
Her har vi delar av koret og ryggen til Hallgeir... (Superfotografen Trine.........)
Takk for super konsert! Gler meg allereie til neste år :-)



søndag 1. februar 2009

Gratulerer!


Laurdag 31. januar fylte Marit oppe i Fjellbu heile 18 år!
Gjengen på Haramsøya gratulerer med overstått dag, og håper dokke hadde det fint i Loen :-)
(For å få det nyaste biletet av Marit måtte vi bruke eit av Marit og Besten, og "kutte" vekk Besten... Sorry, Papsen! ;-)