tirsdag 30. august 2011

Hipp Hurra !!

Alle viktige saker, slik som oppdatering av sommarferien 2011, blir avbrotne nå det skjer noko som er endå viktigare...    

Nemleg 5 - års dagen til ei spesiell ung dame som heiter Andrine  ;-)


Idag, 30. august 2011, er det 5 år sidan Andrine vart fødd !

Dagen starta med lyn og torevêr, og det regna i bøtter og spann. Men utpå dagen skein det av, og det vart eit fint seinsommarvêr.
Og slik er vel Andrine også..
Ho har temperament så det held, men samtidig lun og god, og har ein tanke for andre rundt seg.

Mamma, pappa, ei storesøster og ei veslesøster, ynskjer go'jenta si til lukke med dagen.

Glad i deg !

mandag 29. august 2011

Sommerferien 2011

Så har det blitt søndag 17. juli!


Etter ein lang dag dagen før, var det godt å ikkje ha så store planer dagen etter..
Som dokke ser av bileta, tek vi det aldeles med ro  ;-)


Fotograf :  Andrine :-)


Kjekt å kunne ta med seg aktiviteten ut, sola varmar heldigvis godt når ho tittar fram..


Kva skal vi "gidde" å gjere idag, tru...   
Sitje her ei stund til, tenkjer eg  ;-)


Kjekspause!


Mens vi venter på sola...


Melding sendt!  ;-)


Vi prøvde oss ein tur for å bade, men denne dagen vart det ein kjøleg fornøyelse...
Men humøret kan ingen klage på, i alle fall!
Tøysejenter  ;-)


Andrine har fått "guttabesøk" i vogna.
(Det gjekk sømeleg for seg, altså)


Lone på kveldstur til leikeplassen.


Der var også Øyvind..


Og han kan å "tøyse ti" jentene...


Og jentene var i storform!
(Spesielt Andrine  ;-)

tirsdag 23. august 2011

Sommerferien 2011

Laurdag 16. juli, dag 8, og tid for storby-tur!


Laurdagen bestemte vi oss for å bruke til å besøke Hovedstaden -og dette med tog!
Ingen av oss er vane med å reise med tog, så det vart ein ekstra spennande tur.

Etter litt fram og tilbake, for å finne rett togstasjon og ein parkeringsplass, kunne vi unne oss ein liten frokost nr. 2.


Toget hadde to etasjer, og vi tok sikte på topp-etasjen for å få best mogleg utsikt.
Sidan vi var ein gjeng på 14 stk, fekk vi ikkje sitje ilag. Men etterkvart som andre passasjerar gjekk av, fekk vi flytta litt på oss  :-)


Vi har peila oss inn på gå-gata, og allereie starta shoppinga!!  ;-)


På veg mot Gamlebyen.


Hmmm...
Kunne ikkje gå forbi dette utan å forevige det!


Etter ei stund med trasking, vart dette resultatet...


Det var visst fleire som tok til å bli slitne og svoltne, så mat vart STERKT vurdert..     ;-)


Definitivt på tide med mat, ja!!    :-))


Vi fann oss ein restaurant, og fekk bestilt - MEN KVAR VART MATEN AV!!
(Kanskje ikkje så lett å skulle severe 13 stk (Lone sov..) samtidig, men ein times venting vart i leeeengste laget!)


Endeleg vart det mat, sjølv om ungane ikkje var særleg begeistra for restaurant-hamburgeren..


Gamlebyen var utruleg flott, og vi tek gjerne ei runde til der ved eit seinare høve.


Ei runde ved Slottet er sjølvsagt obligatorisk.
Denne gongen vart det ikkje prioritert å ta ei runde på "innsida", ikkje vits  å tøye strikken til ungane for langt  ;-)


Ikkje alltid det er like kjekt å posere på kommando!


Litt meir slott...


Og så det som ungane synest er det kjekkaste, nemleg å gå på oppdagingsferd på deira premisser..

:-)


Stockholm har mange fine torg og småparkar, også utanfor Gamlebyen.


Litt "æksjen"      ;-)


Heldigvis fann vi det rette toget som tok oss tilbake til Ørebro..


På heimveg fekk vi ikkje sitje i same vogn i starten. Men då tok vi berre å plasserte Andrine i vogna hos Familien Otterlei/Fjørtoft, slik at ho kunne halde dei med godt prat i dei vel 2 timane turen varte ;-)
(Då vart det ein liten høneblund på oss andre, hihi..)

Stockholm skal absolutt besøkast igjen, då med litt meir "førehands-kunnskap" innabords.
Har funne ut at ein får mykje meir ut av ein slik tur om ein kan litt på førehand. Neste gong ynskjer vi oss også eit par grader varmare i veret...

søndag 21. august 2011

Sommerferien 2011

Dag 7 av ferien, fredag 15. juni, starta på ingen måte bra...


For det første så hadde Lone fått besøk av nokre ugreie svenske-baseluskar...  Men etter eit par runder med spy-bøtta (for anledninga vaskebøtta), var ho klar for å prøve seg på litt frokost.

For det andre så hadde det regna litt om natta, og vi oppdaga ei førstegongs-camper-tabbe når vi kom ut i forteltet...
Teltduken hadde ikkje vore skikkeleg bretta på den eine sida av vogna, så gjennom natta hadde det komt inn vatn som hadde danna ei fin lita "pøyte" i forteltet  :-(     Heldigvis var det ikkje verre at vi fekk leda vatnet ut av preseninga, og tørka opp i løpet av dagen.

Men det vart litt hektisk i morgontimane, med både spying og "vannlekasje"  ;-)



Etter at vi hadde komt oss til hektene igjen, var vi klare for leikeland! 
Eit leikeland på 7000 m2, som inneheldt det meste...


Full rulle i sklia!
Kven skulle tru at Lone tidlegare på dag hadde kasta opp!?


Gjengen ned stor-sklia.


Bent har hamna i ballbassenget :-)


Trampoliner er alltid populært!


Lone viser fram bandet ungane måtte ha på seg. Viste at vi hadde betalt, og kor lenge vi fekk vere der  ;-)
(Trur vi fekk vere der i rundt 3 timar, og det var vel eigentleg nok: ungane var slitne!)


  Utan mat og drikke...


Før dette biletet, skulle det kome eit bilete av jente-gjengen som heiv seg på ei runde med Lazergame. Men det vart noko tull med nedlastinga, så det kom dessverre ikkje med...
Men det viktigaste biletet kom med likevel, nemleg at det raude laget vann!! 
Godt fornøgd, eller  ;-)

(Skal prøve å få det med på slutten av innlegget)


Her er eine "gutte-gjengen" som poserer før dyst.
Attitude er viktig   :-)



Lone fekk lurt med seg mamma'n opp i klatre-avdelinga.
Og mamma'n vart både sveitt og tørst...


Nokon som tek til å bli lei, eller  ??     ;-)


Kvilepause...


..... før det vart ei ny runde!


Lone og pappa'n oppe i sjørøverskipet...


Men litt utsatt var dei, for rundt stod vi andre og skaut på dei med ballkanoner! Hihi...


Ei runde med trøsykkel måtte også til før vi drog heim.


Jentene som poserer på halen av ein dinosaur, utanfor leikelandet.


Denne kvelden var det Lone som fekk oppfylt middagsønsket sitt, nemleg MAKARONI



Må på slutten få med biletet av jentene som prøvde seg på Lazergame.
Advarte på førehand at dette kom eg til å ta seriøst...   Heia Raud!!!!!