torsdag 25. juni 2009

Sorry Telenor....

Sidan i haust har det lagt ei telefonledning over plenen vår.

Det har vore litt telefonproblem i nabolaget vårt, og som ei naudløysing, kom det i haust ein mann som spurde om det var greitt at dei la ei mellombels (!) ledning over plenen vår. Denne skulle fjernast til våren...

Greitt nok det, men våren kom, og graset tok til å gro... Og ingen mann kom for å fjerne ledninga. Resultatet har vore at eg har drive å flytta ledninga når eg har klipt plenen - ikkje heilt utan fy-ord...

Dette har no eigentleg gått bra det, heilt til idag!!! Skulle no berre ta ei rask sving med klipparen.. Nesten ferdig og greier...

Ja, resultatet ser dokke under:



Så er det nokon i nabolaget som er utan telefon, kan dokke sikkert skulde på meg og plenklipparen min..! Telenor er varsla, så eg håper nokon kjem for å ordne opp i ledningskrøllet..

(Det som mangla no, er at nokon kjem og fortel at ledninga ikkje har vore i bruk på lenge.. Det hadde i so fall vore typisk!)

For dei som skulle lure, eg vart ferdig med plenen :-)
Etter ein liten leiteaksjon etter rett skiftenøkkel (-lite orden i sy-sakene, dine Bent!), og ledninga gjekk fri :-)





Må ha med eit lite bonusbilete av to gode naboar som kosa seg i sommarveret idag :-)
Kjekt med skulefri! (og utan innblanding av små-søsken..)


2 kommentarer:

Bent sa...

Alle veit at ein ikkje skal bruke skiftelykjel, men fastelykjel på sånne problem. Fastelyklane ligg på plassen sin.

Trineb sa...

Dessverre Bent...
Trongde fastelykjel nr 17 (eller var det 18..?), den låg IKKJE på plassen sin. Difor tok eg i bruk ein skiftelykjel eg fann ein heilt annan stad. Og klarte med rå handemakt(!!) og få løyst mutteren, slik at eg kunne ta laus kniven og få laus ledninga..
Eg synest eg var flink, eg.. ;-)