mandag 1. juni 2009

Resten av pinse-helga!

Heldigvis så fekk vi litt finever resten av helga også..
Søndag prøvde vi å grille, men når vi endeleg var klar for grilling, hadde det blitt både overskya og kjøleg ute. Då vart det grilling ute, og eting inne... ;-)

Bent har hatt eit prosjekt med vasking og smørjing av utebordet vårt. Men ungane syntest at det ikkje gjorde noko at bordplata var vekke, istaden vart det ei koseleg hytte.
(Og seinare kom Dada opp med nybakte bollar, det kallar vi sørvis :-)


Måndag arrangerte HIL Øyamarsj, og då måtte vi sjølvsagt vise vår spreke side. Bent og store-jentene sykla inn til Kraftverket, og tok løypa ut til Håneset. Mor og Lone hadde seg ein trilletur opp i byggefeltet på Austnes. Ein kraftig forkjølelse gjorde at mor tok det litt roleg.. ;-) Men til gjengjeld tok vi nokre ekstra stikkvegar, så om nokon observerte ei barnevogn humpande over ein plen, ja - så var det vi!!
Her er Oda, sveitt og godt nøgd med å ha hatt sin lengste sykkeltur nokonsinne. Det einaste vi kan klage på, er litt for vanskelege spørsmål ;-) Neste gong kan dei gjerne lage noko som ungane klarer å svare på...


Andrine syntest at turen vart litt for lang, og somna det siste stykket... Men litt saft og ein vaffel gjorde susen, slik at det var greitt å vakne likevel :-)



Må ha med eit bilete av Lone, som har funne ut at ho rekk opp til kommoden der telefonen står..
Det blir nok mange "saklege" samtaler framover!! (Eller ein ny plass for telefonen..)


3 kommentarer:

Siv sa...

Hihi, herlig bilde av Lone:) Og ja, spørsmåla va ALT for vansklige!! Klarte no ikkje meir enn eitt av dei ej... Ikkje so veldig familievennlig, akkurat. Men moro va det no, lell

Stine sa...

Enig med dåkke. Spørsmåla var alt for vanskelige. Bør ha det sånn at ungane også klarer å svare på nokre. Og kjempestilig bilde av Lone. Det er litt av et pinse-vær vi har hatt. Heilt supert!

Randi sa...

Heia Tante & co !
Å du verden så mykje søte og fine bilde da!!
Eg må no jammen skryte ta Oda,så flink å sykkle så langt,ja stakkar ho ser både varm og sleten ut!!Men dokke må legge inn klage til dei som har laga dei oppgåvene at til neste gong MÅ dei lage det enklare for både store og små ser eg;)):-)
Den så var mest sleten var ho som sat på sykkel`n,Andrine...hehehe stakkar lita!!Akkurat sånn sat Anette når ho var lita på sykkel`n,sovna etter ei halv runde ho,alltid!
Er du forkjøla NO IGJEN du da...hmhm,ikkje bra!!
Men så til slutt ho "sørpelina" på gang golvet...hahahaha ho tek kaka på alt og alle;))) Å sjekk det blikket da:-))))Spørst om eg må ringe ho,skal tru om ho vil prate da:-)))
Ja men kor reiste sola da...huff! Eg set her med strikka jakke på eg idag,var 8 gr no for litt sia...huff!!
Men kos dokke likevel der sør!!
Klem frå tørvå!