søndag 9. oktober 2011

Sommarferie 2011

Fortsatt tirsdag 19. juli...

Sidan Bent skulle ta ned forteltet, heiv vi oss med ein gjeng som skulle gå ned til sentrum av Ørebro.
Like greitt å vere ute av vegen, enn til irritasjon..  ;-)



Litt trøbbel med opplastinga av bilete denne gongen, så dei kom litt hulter til bulter..


Fleire stader i byen kom vi over ulike kunstprosjekt laga av unge kunstnarar. I farta huskar eg ikkje heilt kva prosjektet heitte eller kva det gjekk ut på, men artig var det no likevel.
Her ein kjempestor kanin, laga av "fjøler"


På turen nedover til sentrum starta vi med både sykkel og sparkesykkel, men det luraste vi tok med var vel vognene..  Det var eit lite stykke ned til sentrum likevel, i alle fall for småe føter..


Heldigvis gjorde det godt med ei matpause når vi nådde sentrum :-)


Ein som er ferdig med matpausa si og vil ut å gå  ;-)


Også eit kunstprosjekt..
Ikkje typen til å slenge seg nedpå, den var nemleg av betong!!


Og så fortente vi ei ispause :-)


Det var fleire som også ville ha is!

(Det høyrer vel med til historia, at vi ringde Bent og fekk han til å hente oss....  ;-))


Ingen kommentarer: