mandag 17. oktober 2011

Snart heime.. Torsdag 21. juli.

Siste natta hadde vi på Lillehammer Camping.
Sidan det var fint ver på Lillehammer, og det ryktast at veret var dårlegare heime, brukte vi litt tid på leikeplassen på campingen.


Godt å få bruke litt energi før det igjen vart nokre timar i bil...
(Det høyrer vel med til historia at dei siste timane før Skjeltene var drøye.. Ei stund var ungane bortimot på "billeg-sal" !!   ;-)


Her er i alle fall litt idyll  :-)


Måtte ha det tradisjonelle biletet på Dombås, ved "trollet med rosa neglelakk"

Alle var godt fornøgde med å komme seg heim til eigen dusj, og ikkje minst, eiga seng!!

Dagen etter var det litt jobb på papsen, og vasking av vogn på mamsen. Vogna skulle på ny langtur allereie same kvelden...




Det må vel også nemnast at dagen etter heimkomst var 22. juli, men det er heldigvis ei anna sak.....

Ingen kommentarer: