mandag 17. oktober 2011

Heimreise....

Så var dagen komen...
Det har blitt onsdag 20. juli og vi må ta til på heimvegen..
Ferien 2011 er over, og vi har overlevd 12 dagar i campingvogn!! I tillegg har dette vore vår desidert lengste ferie nokon gong!


Andrine snik seg til ei ekstra stund i senga før alle må opp og ete frokost.


Enkelte sleit vi litt meir med, med å få vaken og klar for avreise...  Travelt med ferie, gitt!


Oda hadde ikkje lyst til å dra heim i det heile..  Men når vi lokka med stopp på Godtebiten før vi forlot Sverige, gjekk det greitt likevel  ;-)


Vi nærmar oss grensa, og er klar for mat & shopping!
Målet for kvelden var Lillehammer, noko vi klarte, eit par timar etter skjema...  (Timane går fort i store kjøpesenter!)

Ingen kommentarer: