tirsdag 22. juni 2010

Sommarfest v/Haramsøy Bhg

Måndag 21. juni var det duka for Sommarfest med karneval på bhg til Andrine og Lone.
Antrekket var sjølvsagt klart, her i hus har vi to søte prinsesser/feer (Lett jobb for mor, heldigvis :-)

Veret tillot at vi kunne vere ute, sjølv om sommaren ikkje kom idag heller..
Vi fekk høyre både sang og regler, og vi kunne bli med på aktivitetsløype. Pølser, is og kaker høyrer også med på ein slik dag.


Etterpå kunne dei vaksne kose seg med prat og kaffi, medan ungane leika seg.
Kjekk føremiddag på bhg :-)

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann på dåkke der borte. Endelig fleire bilde og flotte og artige komentarer. Alltid like kjekt å lese. Berre å fortsette slik ;-)
Helsing frå Bror og onkel heime på Tøftå.