mandag 21. juni 2010

Fjelltur

Far i hus har for tida opptil 12 timers arbeidsdag, noko som inneber "litt" overtid...

Den dagen han fann ut at han IKKJE skulle på overtid, fann han derimot ut at vi skulle på fjellet! Så istadenfor å setje oss i sofaen og sjå barne-tv, vart det UT PÅ TUR - ALDRI SUR :-)

Med kjeks i sekken og Lone i meisen, starta vi turen opp gjennom skogen.. Om det var rås eller hjorte-rås vi gjekk etter, veit vi ikkje, flått var der i alle fall mykje av!! Kjem nok ikkje til å velje denne vegen særleg ofte, nei..

Fann til slutt råsa som går opp "Kantaraua" (?) Ein smule bratt var det, var litt nervøs for Lone som dingla i meisen og "virrelusa" Andrine.. Oda fekk eg ikkje tid til å vere nervøs for, ho var oppe før vi andre i det heile fekk starta :-)

Etter ei kjekspause når vi var komt til topps, rusla vi mot Røhammaren..


Det var godt med ei lengre kjekspause der. Og Oda skreiv oss sjølvsagt opp i boka - viktig å stadfeste alle store bragder!
Etter ei god pause, vende vi nasen heimover, denne gongen via Fjellvegen ned mot skulen.
Vel heime, var det å kle av seg alle klea på trappa, og hoppe rett i badekaret.. Ingen flått skulle inn i huset vårt, nei!
Og 3 timar og 5 flått seinare, var vi klar for senga. Eller dvs, vi store somna på sofaen... ;-)
- Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!
(Og kanskje Bent angra litt dagen etter at det ikkje hadde vore overtid likevel.. Reknar med han kjende det i føtene etter å ha hatt Lone på ryggen i eit par timar ;-))

1 kommentar:

Siv sa...

For en kjekk tur da! Koslig når heile familien kan gjer nåkke ilag. Eller, ihvertfall koslig utgangspunkt for oss...bruka som regel å vere en del skjer i sjøen underveis. Ej sku ønske ej klarte å bere Hedda i meis, for då sku ej ha gått på fjellet litt oftare. Men ej bli heilt av i ryggen.