tirsdag 22. juni 2010

Jonsokfeiring på Framtun, Rogne

På laurdag tok vi turen til Rogne for å få med oss Jonsokfeiringa der.
Er berre så utruleg imponert over kva dei får til, både store og små! Sjølv om Framtun var fullsett, så burde dette ha vore vist til langt fleire. Vi storkosa oss!!

Måtte berre få med eit bilete av jentene i like sommarkjolar... jepp ;-)



Her er gjengen som kan å imponere!
Vi fekk møte både Pippi, Emil, Marikken, Ronja Røverdatter, kaptein Sabeltann og Karlson på taket (Gløymde eg nokon no..?)
Etter teaterstykket var det rømmegraut (eller pølse med brød for vår del..), kaker, tombola og bålbrenning. Og så rakk vi litt av diskoteket før vi kom til at det var på tide å få Lone i seng..
TAKK for ein flott kveld!

1 kommentar:

Siv sa...

Det va en kjempeflott kveld, og ungane e berre rasandes flinke!!! Ej storkosa mej frå første stund:)