onsdag 30. desember 2009

Julekvelden 2009

Slik var Julekvelden hos familien Otterlei Austnes -i korte trekk- året 2009.

Tradisjonen tru, kjem ikkje juletreet i hus før rundt midnatt vesle-julaftan hos fam Otterlei Austnes....
Sidan vi i år klarte i misse eska med juletrelys i golvet, før dei i det heile kom på treet... , gjorde at vi vart vi ekstra forseinka.. Ikkje hadde dei resverve-pærer på butikken heller, så vi måtte på bygda for å låne ny lys-slynge..
Men treet vart pynta før kl 17, altså..!

For å korte ned på ventetida, brukar ungane å få åpne ein pakke på føremiddagen.
Oda var svært nøgd med sin DS, og Andrine med sin Hello Kitty-lego :-)

Vi hadde besøk av Farmor og Onkel Nils til middag.
Etter middag var det siste episode av Jul i Svingen, før vi måtte kvile oss på sofaen igjen. (Bent er middagstrøtt)



I år var nok "temaet" Hello Kitty!!
Vi nemner kle, pledd, koppesett, shampoo, tøfler, teiknesaker... Populær katt, dette ;-)

Prøvde å ta bilete av jentene framfor juletreet, men å ta fellesbilete, er heilt mislukka..
Aldri er dei konsentrerte samtidig!!!!!!!!!
Berre å kvi seg til neste års julekort-fotografering........
TUSEN TAKK for alle julekort og julegåver vi fekk i år. Jentene var veldig glade og fornøgde når dei endeleg kom seg til sengs :-)

1 kommentar:

Siv sa...

Omtrent som det sku vør i heimen her ditta... Mej raste rundt heile huset for å finne andre halvdel av julepynten. Den låg av alle ting i ei kasse i garasja. Og fotografering av alle tre, e en krevjande ting.. Nei, bli likar når dei bli store;)