torsdag 24. desember 2009

Førjulstid........

Førjulstida hos Familien Otterlei Austnes blir berre meir og meir hektisk.. Sjølv om ein tidleg i november legg planar om at i år skal ein vere tidleg ute, og i år skal vi sette av tid til å kose oss, så "skjer" det seg KVART år!!!
Men no er dagen her, den kom likevel... Så då får vi blogge det vi ikkje har hatt tid til tidlegare....

Litt julepynt fekk vi tid til å lage.. Ungane er så heldige at dei lagar mykje fint både på skulen og på bhg., men mor i hus må ha litt små-pussling heime også :-)



Heldigvis fekk vi litt snø til jul.
Synest no eigentleg at det kunne ha komt litt (berre litt, altså..) meir snø, no når den først vart liggjande.. Men det vart no såpass at vi fekk ta fram akebrettet og kjelken :-)

To blide jenter!
Merk Oda som snart har fått tilbake smilet sitt.. Årets beste julegåve!! Vi satsar på at alle "spor" etter flått-bittet i haust snart er borte :-)


1 kommentar:

Siv sa...

Åh, så kjekt at Oda "smiler" igjen!!! Det var det kjekkaste av alt, ja! No vart ej glad:)