torsdag 3. desember 2009

Bloggtørke!!!!!!!!!!!

Sjølv om kameraet blir brukt flittig, er det lite som kjem på blogg for tida.......
24 timar i døgnet er rett og slett for lite!

Men vi har teke til å komme i førjuls-modus, og prøver å få tid til litt "juleting"

Ungane har i alle fall ønskelistene klare! :-)
Med beskjed frå mor om at dei kun fekk fylle eit A4-ark kvar, tok Oda over ansvaret, og ordna ut for dei to mindre søskena også... Så får vi håpe det fell i smak ;-)



1.helga i advent reiste eg og Oda på Fjørtofta for å starte på julebaksten. I løpet av første delen av laurdagen, fekk eg instruering i korleis lage lefser frå A til Å.

Resultatet vart, med SVÆRT god hjelp frå mamma, ca 30 snytandes gode lefser!! :-)
Eg satser på at mamma tek eit nytt kurs rett på nyåret, slik at ferdigheitene (!) får festa seg.



Må ha med nokre bilete frå Barnetrimmen i forrige veke.
Sidan hausten har vore noko "rotete" for vår del, har det ikkje blitt så mange gongane dette halvåret. Dette var siste gongen før jul, så vi får satse på å komme sterkare tilbake over nyttår :-)


1 kommentar:

Siv sa...

So flotte ønskelister da! Her i huset trur ej ikkje dei he lyst på julegåver... Ej he spurt ka dei ønska sej, men einaste svaret ej he fått, e frå Synne; "en hest"..!.. Jaja, tru ikkje det bli det akkurat;)