torsdag 17. september 2009

"Rassia" på Til Bords...

I dag har det nesten vore julekvelden..!!!

I samband med brullaupet vårt, var vi så heldige å få ein del gåvekort hos Til Bords. Men sidan vi fekk absolutt alt vi hadde sett på ynskjelista der, har det ikkje vore så lett å bestemme seg kva vi skulle bruke beløpa på. No nærma det seg kritisk datoen på dei fleste av korta, så no kunne vi ikkje drøye det lengre...

Difor bar det til byen etter jobb idag.. - her skulle det shoppast!

I butikken hadde eg omtrent arealet for meg sjølv, fekk gå rundt å kike og plukke, og brukte omtrent timen på det.. Den service-innstilte lepsøy-dama bak disken gav tips undervegs, slo saman beløpa, og heldt styr på kor mykje eg hadde brukt :-)) Kjekt!
Og når alt var ferdig innpakka og betalt, tilbaud ho seg å bere deler av pakkenellikane mine til hurtigbåten! Vi skulle no ta same båten heim likevel!!!
Og eigentleg var eg svært glad for denne hjelpa, det vart nokre tunge posar å bakse med på veg heim :-)

Så ved neste ledige høve, skal det vaskast og ryddast i skåpene mine, for no skal det skiftast ut!

Og ikkje minst: TUSEN TAKK for kjempe-sørvisen eg fekk hos Til Bords idag!
Det var kjekt å handle (Samtidig litt skummelt.. Tenk å handle for så mykje, utan at det viste på kontoen..)

2 kommentarer:

Siv sa...

Ho e kjempekjekk ho lepsøydama!! Gjer slik at det e kjekt å gå dit å handle ho:) Og gåvekort e no kjempekjekt!!

Alice sa...

Det e ho Liv det. Ho e berre super. Mora hass Tony. :)