torsdag 17. september 2009

...jaudå....

Sidan Andrine har blitt kraftig førkjøla, med same type hoste som Bent, tok vi å ringte lege idag.. Hoste hos Andrine i haust- og vintermånadane er eigentleg ganske vanleg, men sidan situasjonen vart litt annleis no, måtte vi ta telefonsamtalen....
Det gjekk som vi frykta! Ho blir ikkje testa, men er i "karantene" til og med tirsdag!!!!!!! :-(

Så då får vi håpe at det verkeleg er svineinfluensaen, og at vi ikkje brukar ein drøss med sjukedagar på ein vanleg forkjølelse.... (Slik tenkjer ei småbarnsmor, men tydelegvis ikkje helsevesenet..)

2 kommentarer:

Siv sa...

Greitt at faren e heime i same slengen da, kanskje;)

trineb sa...

Pappaen er nok i full jobb, han... Litt overtid i tillegg også!!!