tirsdag 22. september 2009

Helga

Helgene kjem med stadig kortare mellomrom, og no er jammen enno ei helg over... ;-)

Denne helga vart variert, både når det gjaldt aktivitetar og ver. Jaja, så mange aktivitetar vart det no ikkje, men litt styrar ein no med, med 3 ungar...

Måtte berre ha med dette... For sjølv om vi har tilgang til ferdigreinska krabbebur i fryser'n, synest Bent at det å "rote" litt sjølv, har ein eigen sjarm. Så er vi så heldige at nabo Svetozar har teiner ute, slik at det blir litt på oss også :-)

Helga starta med innedag for mor og Andrine på fredag. I løpet av dagen tok eg sjansen på å friskmelde Andrine, UTAN å ha snakka med lege!! Det er lov å bruke sunn fornuft, er konklusjonen....
Laurdag hadde vi eit flott ver som vi prøvde å nyte ute. På ein trilletur til butikken, fekk vi med oss både ei dansegruppe som hadde oppvisning i anledning Barnestemnet her ute, og Oda med 2 venninner som hadde "butikk" til inntekt for Redd Barna.
Heime vart det årets siste plenslåing, og utplanting av 2 stk busker (-versegod Hjorten, frodig tuja står og ventar...)
Søndagen var det tilbake til grått regnver igjen.. Men ein liten tur til skuleplassen og ballbingen er kjekt med regnkle også :-)

Så er det berre å få unna ei hektisk veke, før det pinadø er helg igjen....


1 kommentar:

Siv sa...

Helgane berre fyk avgårde dei... Men no he ej ikkje hatt "frihelg" på lenge.. Gle mej til haustferie no. Då kan mej slakke litt meir på tempoet:)