Siste helga i oktober, hadde Haramsøy Skulekorps eit samarbeid med artisten Eldar Vågan.
Korpset hadde øvd inn ein del Vågan/Vaselina - hits, og etter ei øvingshelg saman, vart det avslutta med ein flott konsert søndagen.
Oda har denne hausten vorten aspirant i korpset, og fekk difor vere med i koret, samansett av aspirantar og elevar frå mellomsteget.Kjekk opplevelse for alle, og eg trur både korps, kor, publikum, - og artist, kosa seg stort på konserten :-)
(Ikkje det beste opptaket eg har å vise, men slik blir det når ein - som vanleg - hamnar litt langt bak i salen...)
2 kommentarer:
Du driv å oppdatera du me ja? ;) Skulle forresten ønske ej va på dinna konserten. Høyrde at den va bra :)
Legg inn en kommentar