søndag 17. mai 2009

Vi nyt godveret!

Dei siste dagane har vore heilt utrulege her på Sunnmøre: strålandes sol og gode temperaturar :-)
Det har vore ei hektisk veke med jobbing, møter og diverse gjeremål, men vi har heldigvis fått kosa oss litt i sola også..

Lone er ei jente som trivast ute, gjerne i sandkassa.Og når ho får lov til å vere med storesøstrene som "styrar" på altanen, er det heilt topp :-)

Laurdag var ein dag med mykje besøk, her representert av Ingeborg. Og omtrent halve leikerommet vart flytta ut på altanen! Så då var det pendling mellom "oasen" på altanen og trampolina...


Og sjølv med stram timeplan, fekk mor gjort ein liten innsats i bedet :-)
Så som eg har sagt før: Hagen vår har stort potensiale, det tek berre litt tid... Og det hadde hjulpe godt på arbeidsmoralen med nokre fineversdagar til :-))



Ingen kommentarer: