søndag 24. mai 2009

Fjørtoftstur!

Fredagen var det skule- og bhg.fri, så då bestemte vi oss for å reise ein snartur på Fjørtofta. Ein SMS til Morfar kl 0810, og han stod på kaia og henta oss nokre timar seinare :-)

Veret var flott, sjølv om temperaturen kunne ha vore høgare. Flott å sitje ute, var det i alle fall :-)
Her har Lone akkurat vakna frå middagsluren sin. Då er det godt med ein laaang kos på fanget til Morfar.

Mormor er ein tryllekunstnar med gamle filler og kle!
Nede i kjellaren står vevstolen som hjelper til å trylle fram flotte tepper. Saman med ein god porsjon tolmod, fargesans og nøyaktigheit, blir gamle kle og andre filler omgjort til tepper med affeksjonsverdi. Heldige er dei som har eit slikt i hus - og eg er kjempeheldig!!

Her er det jentene som får sjå korleis det skal gjerast..

Her er det som mamma held på med no, eit flott eit i lilla nyansar! (Veit ikkje heilt om fargane blir gjengitt rett..)
Slapp av folkens, eg har allereie tinga på det!!



1 kommentar:

Solveig sa...

Såg ut som eit kjempefint teppe! Du må lære deg kunsten slik at du kan vidareføre den til dine jenter :-)