fredag 22. mai 2009

Mr. Virus på besøk..

Denne veka har vi, som så mange andre, hatt Mr. Virus på besøk... Dette har ført til at det vart nokre dagar heime både frå jobb og bhg.
Lone har hatt augebetennelse og øyreverk i tillegg til forkjølelse..
Andrine har hatt eit snev av augebetennelse, mellomøyrebetennelse, og blemmer på trommehinna (!)..
Vi andre har berre hatt noko "små-rusk" ;-)

Det har med andre ord ikkje vore så mykje "ute-liv" på oss denne veka, men enkelte har ikkje vore arbeidslaus av den grunn.. Dette klarer ein driftig 2-åring å utføre medan mor er i dusjen! :-)

Matlysta har også vore litt varierande, men det hjelp å få lov til å ete sjølv...
Lone er faktisk van med å få i seg maten sjølv, men denne gongen vart konsistensen litt for rennande ;-) Gøy var det, lell!

1 kommentar:

Stine sa...

Rart kor dei klarer å rote så innmari mykje på så kort tid. Her i huset har vi også skranta litt denne veka. Malin fekk feber på mandag så ho var heime fra skulen resten av veka. Hannah fekk auge-betendelse, øyreverk og litt feber veka før, og augebetendelsen fekk Celine på laurdag. Så vi har dryppa salve og stappa inn nesespray i hytt og pine. MEN vi var alle oppgåendes og noenlunde friske på 17. mai, glad for det.