mandag 18. mai 2009

17. mai 2009

I år vart det ikkje så mange bilete frå aktivitetane på 17. mai, av den grunn at mor stod store delar av tida og selte kaker, og med ansvaret for alle 3 ungane, tok det ei stund før far huska på at han hadde kamera ;-)

Tradisjonen tru er Familien Otterlei Austnes seint ute til toget... I år var det berre 2 bunader som skulle på, sidan mor hadde "kjøkken-teneste", og Oda har blitt for stor til sin... Men likevel så er det litt arbeid å ha på finstasen. I tillegg ville ikkje Lone sove på kommando.. Men vi fekk "hive" oss innpå ved Shell, såpass gnagsåra fekk byrje å gjere seg gjeldane :-)

Oda og Barneskulekoret sang abba- sangane sine saman med korpset under festen. Eg gler meg allereie til neste prosjekt skulen skal ha saman med korpset.. Dei er kjempeflinke! "Sammen er vi dynamitt!"

Andrine debuterte også på scena i år! Saman med mellomtrinnet sang dei 2 kjekke somgar. Dvs, Andrine hadde så store auge at synging, det gløymde vi heilt av..


Ingen kommentarer: