mandag 4. mai 2009

Fjørtoftstur!

I helga reiste heile familien Otterlei Austnes på Fjørtoftsbesøk. Og dette er første gong sidan jul at heile familien har teke turen dit - på tide!
Og så var vi så heldige å få treffe så mange når vi først var heime :-) Onkel Ottar hadde fritur, Tante Lisbeth kom på besøk, Anette, Ove og Emil møtte "mannsterke" opp, og Tante AnneGrethe og Onkel Øystein hadde Fjørtoftshelg :-) Snakk om å få med seg mykje på kort tid!
Einaste skår i gleda var at Morfar ikkje var heilt i form.. God betring!

Desse søskenbarna har mykje glede av kvarandre, trass aldersforskjellen. Her er det trenig på "high five"! Eit litt uryddig bilete, men vi som var der, veit at det gjekk unna :-)

Her er Tante AnneGrethe og Onkel Øystein som til vanleg bur i Trondheim. Rakk å forevige dei i sofaen, mellom alle besøksrundene sine, sykkel- og fjellturar, og turar på sjøen... Ikkje latmannsliv når dei er på Fjørtofta, nei!!
-Og no er dokke blogga! ;-)

Forutan å gjere oss stappmette frå vi kjem til vi dreg, klarer Mormor å halde orden på ein stor og flott hage. I helga stod tulipanane i frodig blomsterflor!
Her er nokre av blomstrane til Mormor, ei på to føt, resten på rot... ;-)


Beklager Ove, men måtte berre ha med dette biletet...
4 "mekanikarar" måtte til for å skrue på bilen til Ove. Berre for å finne ut at dei hadde feil del...
Håper det har gått i orden, no då!!!



2 kommentarer:

Randi sa...

Heia Trine & co :)
Ja no rekna eg med at du ahr tatt natt;)))
Å jau,her var det mykje fine bilder du,å mange blide fjes...ja ikkje alle som er like bloggfiksert da,MEN :o)
Ja du skjøna det,dokke må komme oftare hit bort,alt for lite med 1 døgn:-)))Heilt utsleten av sånt:))
Håpe dokke kjem snart igjen,ALLE !!;)
Natta klem frå fam.O / R...

Anonym sa...

So masse fine bilde, tante! Å detta ta na Andrine å tullippan na farmor va kjempe fint å fargerikt! Skjelden mej e samla so månge, å d e so kjekt når d først skje.
Håpe han farfara he komt sej...
Tusen takk før ei kosla helg ilag me dokke! Håpe dokke kjem tilbake snart!
Klem t alle dokke der ute :o)