Forutan at mamma fekk seg ein tur til frisøren, var Oda i selskap hos Silje som feira 7 år.
Silje og Oda har eigentleg vore venninner sidan før (!) dei vart fødde, og mødrene deira har kjent kvarandre i snart 20 år!! (Ja Anne, eg rekna grådig lenge på dette, og eg trur faktisk det stemmer.. Vi held oss godt!!)
Ein del av ein forventningsfull gjeng i bakgrunnen..
Og snakk om å vere heldig med bursdagsveret!
Vi gratulerer Silje med den "offisielle" dagen som er på søndag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar