mandag 12. desember 2011

Sommaren tek til å bli haust...

Så ser det ut til at sommaren har gått over til tidleg haust.

Heldigvis fekk vi "drøye" sommaren litt til, med nokre fine varme dagar  :-)


To kjekke jenter, som har kjent kvarandre sidan 3 års alderen.
(Du verda, som tida flyg!!)


Her er det Andrine som har venninne-besøk.
Av måten dei ligg på, er det nok ein film som står på plakaten  ;-)


Hausten starta tidleg med sjukdom både hos Andrine og mor i huset...
Andrine tok første stikk, mor kom like etter. Den dagen mor måtte halde senga, måtte Lone og Andrine fint gå til bhg sjølv. Sidan det var litt småregn i lufta på morgonen, vart det på med både dress og støvlar. Etter at mor hadde fått bekrefta frå bhg at jentene var vel framme, vart det soving i nokre timar...
Det høyrer med til historia at når mor vakna, var det strålandes solskin og 20 grader ute!! Og jentene vart sendt til bhg i cherrox!!
Jaja...


Her har vi hatt besøk av nydlege Hannah.


Og her har vi Lone i vinden.
Ganske så nydeleg ho også  ;-)


1 kommentar:

Stine sa...

Nydelige bilder, av både mine og dine:-)