onsdag 28. desember 2011

Haust 2011


Det har heldigvis blitt nokre fine haustdagar i 2011. Så vidt eg huskar har det vore ganske mildt også.. Her har vi vore på skuleplassen å leika oss :-)


Det har vore lite fotografering på meg i haust, lite tid til å utforske og lære.. Det blir mest knipsing på Auto-funksjonen ;-)   Har ikkje makro-linse, men nærbilete er spennande!



Fine haustdagar gjorde at vi eeeendeleg fekk måla frå oss eine endeveggen på huset vårt. Sommartid = jobbetid for Bent, så vi har faktisk brukt 2 (!) somrar på å bli ferdig. Denne sommaren hadde vi ikkje veret på vår side heller, slik at det er sagt..
 Endeleg vart vi ferdige, men med vårt tempo, så kjem vi vel "rundt" i løpet av ei 10 års-periode...

(Sjekk målar-antrekket, då!!  Hihi, ser ut som ein avdanka popsangar frå 80-talet!  ;-)



Har her vore ute for å forevige hausten, nærbilete er fortsatt gøy :-)

Ingen kommentarer: