onsdag 28. desember 2011

Haust 2011

Hausten startar med bursdagsfeiringar i Familien Ottaus.


Først ute er Andrine. Ho fekk feire med skikkeleg jenteselskap, med pølser brus, kake og muffins. Og ikkje for å gløyme skattejakt!  :-)


Midt i all feiringa, "snik" det seg inn noko som heiter Hano-dagar... Vi veit vi må konkurrere med dette kvart år, så då har vi like godt lagt inn litt familieselskap same helga, for dei som har tid til å stikke innom.
Her er det Emil som stikk innom for å ete litt kake :-)


Og jammen har vi ikkje fått med Tante Randi også!!  ;-)


 Oda måtte feire dagen sin litt på etterskot i år, men då kunne vi til gjengjeld legge det til ein fredag, og invitere til Film- og Pizzaparty.

Ingen kommentarer: